Hopp til innhold

Endeleg kan helikopteret lande her

Opninga av helikopterdekket på Haukeland, var i ekte bergensk storstil. 24 år med kamp for landingsplass er endeleg over.

Video Nå kan ambulansen lande på Haukeland

SJÅ VIDEO: No kan ambulansen endeleg lande på Haukeland sitt tak.

– Gratulerer med dagen til oss alle saman!

Tangodans på helikopterdekk

NATURLEG INNSLAG: Nyopninga vart markert med tangodans der helikoptra no skal lande.

Foto: Kaia Viki

Slik oppsummerte ordførar Trude Drevland den historiske opninga av eit eige helikopterdekk på Haukeland Sjukehus i dag. Då hadde bogekorps, tangodans og Bergen sin «nasjonalsong» Nystemten framført på elgitar allereie markert den store dagen.

Har måtte laste pasientar over til bil

Frå og med i dag kan luftambulansen landa direkte på taket til Haukeland Sjukehus – og spare verdifulle minutt. Tidlegare har luftambulansen måtte lande på Grønneviksøren, og pasientar har måtte bli frakta med bil derfrå.

Sjukehuset har kjempa i 24 år for å få på plass ein slik landsplass, som betyr ein forskjell på fleire minutt for ambulansen. Det kan vere med å redde liv, påpeikte ordføraren.

– Det er utruleg viktig for Bergen, for heile regionen vår og Haukeland Sjukehus at dette no er på plass. Dette skulle ha vore på plass for 25 år sidan, men det får vi la ligge no. Dagen er komen og eg er kjempeglad saman med Haukeland for at pasientane som treng det no kjem raskt til behandling, sa ho.

Les vidare under biletet.

Landingsplass for helikopter

DYREBARE MINUTT: Det nye landingsdekket betyr ti minutt kortare transporttid for pasientane i luftambulanse.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sparer ti minutt per pasient

Guttorm Brattebø, sjef for ambulansetenesta og akuttmedisinsk seksjon på Haukeland, er ikkje i tvil: Det nye taket kan redde liv.

– For pasientane betyr det veldig mykje. Det er eit langt sprangog transporttida for dei mange som kjem inn med luftambulanse, vert no redusert med omtrent ti minutt.

– Og har du eit akutt hjerteinfarkt, hjerneslag eller er alvorleg skadd, betyr tida før ein kjem til avansert behandling mykje. Dette kan redde liv, seier Brattebø.

Ambulansesjefen legg ikkje skjul på at dei tilsette i ambulansetenesta gjerne skulle hatt taket på plass for mange år sidan.

– Det er 24 år sidan vi starta med luftambulanse i bergensområdet, og heilt frå den første pasienten vart flogen inn ønska ein å kunne lande direkte på sjukehuset med alvorleg skadde og sjuke pasientar.

Kva meiner du om det det nye helikopterdekket? Bruk kommentarfeltet under.