Hopp til innhold

Reiser kysten rundt med kritikarrost monolog

Skodespelaren Helge Jordal skal reise kysten rundt for å minne oss om livet som sjømann under norsk sjøfart sin stordomstid.

Førstereis

KLAR FOR KYSTTURNÉ: Riksteatret har plukka opp Helge Jordal og Morten Lorentzen sitt stykke om 'Martin' som stikk til sjøs.

Foto: Fotograf: Fredrik Arff / Den Nationale Scene

Einmannsførestillinga «Førstereis» står på Riksteatret sin meny til hausten. Stykket er skrive av bergensaren Morten Lorentzen og hausta svært gode kritikkar då det gjekk på Den Nationale Scene i Bergen.

Stykket er lagt til den store sjøfartstida i Noreg etter andre verdskrig og handlar om guteheimsbarnet Martin som stikk av til sjøs. Helge Jordal er einaste skodespelar på scena, noko han skildrar som tøft både fysisk og psykisk.

– Det er eit langt stykke og eg spelar kring 15 roller. Men det er litt urteater så det er veldig gøy å få bruke teaterfaget skikkeleg, seier Jordal.

– Skildrar nokre verdiar vi har mista

No får altså resten av Noreg oppleva monologen til Jordal når teatersjef Ellen Horn ved Riksteatret i haust sender han frå Vadsø i nord til Mandal i sør.

Jordal meiner det er fleire ting ved teaterstykket som røyrer sterkt.

– Det er godt trykk i dette stykket. Det er sanne historier som vi har laga til ei historie. Og så er det nokre verdiar i stykket som eg trur vi har mista litt. Før kunne ein stikke til sjøs om ein var ung og ikkje "fiksa ting". Men slik er det ikkje no.

Brukar eigne erfaringar

68-åringen har sjølv erfaring frå å laste og losse frakteskuter ved Bergen hamn, medan Lasse Kolsrud som har regien har vore til sjøs som ung.

– Så alle dei folka vi spelar kjenner vi frå vår eiga erfaring på ein måte.

Stykket gir publikum eit innblikk i ei tid som Jordal meiner mange har gløymt litt.

– Den tida påverka nok samfunnet meir enn mange huskar. Sjøfolket var jo på mange måtar kulturberarar. Dei reiste ut og kom heim med silkejakker frå Austen og musikk frå Amerika. Det var dei som kom med den nye kulturen.

Stykket har nypremiere i Oslo 16. oktober, før kystturneen byrjar i Vadsø 21. oktober.

Skodespelaren Helge Jordal skal reise kysten rundt for å minne oss om livet som sjømann under norsk sjøfart sin stordomstid.

VIDEO: Skodespelaren Helge Jordal skal reise kysten rundt for å minne oss om livet som sjømann under norsk sjøfart sin stordomstid.