Hopp til innhold

Heldt budsjettsprekk på fire milliardar hemmeleg

Regjeringa vert skulda for svindel og ugler i mosen: – Heldt eit brev om millliardsprekk på ny E16 i Hordaland hemmeleg i 7 månadar.

Solberg, Hareide og Njåstad på Arna stasjon

HEMMELEG MILLIARDSPREKK: Då statsministeren haldt pressekonferanse på Arna stasjon i februar, blei ikkje milliardsprekken nemnt.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det er heilt utilgjeveleg. Eg har aldri opplevd maken, seier Kjersti Toppe (Sp).

Ho meiner regjeringa har spelt eit ureint politisk spel i fornyinga av den rasfarlege og ulukkesbelasta hovudvegen E16 mellom Arna i Bergen og Stanghelle i Vaksdal.

I sju månadar heldt regjeringa hemmeleg eit brev om at vegen ville bli fire milliardar kroner dyrare hemmeleg.

Opposisjonspartia og Norges Miljøvernforbund meiner statsministeren og samferdsleministeren har villeia og lurt Stortinget om milliardsprekken.

Ras E16

RASUTSETT: E16 mellom Bergen og Voss er svært rasutsett. I løpet av dei siste 17 åra har det gått 338 skred.

Foto: NRK

– Svindel

Norges Miljøvernforbund har gått gjennom brev og referat i denne saka, og meiner regjeringa har manipulert Stortinget.

– Dette er det største svindelforsøket i veghistoria på Vestlandet, og det er heilt uakseptabelt, seier Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Kurt Oddekalv

Kurt Oddekalv

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Den 3. oktober kjem det eit brev frå Statens vegvesen til Samferdsledepartementet. Vegvesenet fortel at dei har rekna 4 milliardar kroner feil på anleggskostnad og bompengepotensialet for ny E16.

Solvik-Olsen: – Ein liten feil

Brevet blei ikkje registrert i postlista, og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen nemnde ikkje milliardsprekken overfor Stortinget.

– Det blei aldri frå vår side halde tilbake fakta eller informasjon i denne saka. Me beklagar journalføringsglippen som skjedde, men det var ikkje eit forsøk på å halda noko hemmeleg.

– Her har det vore mykje uryddigheit undervegs, og det er trist, for E16 er eit utruleg viktig prosjekt, seier Ruth Grung i Ap.

Solvik-Olsen seier Stortinget ikkje hadde behov for å få vita om milliardsprekken.

– Det hadde vore ein ganske stor informasjonsstraum viss Stortinget skulle fått informasjon kvar gong det blir gjort nye reknestykke. Det viktige for Stortinget er at dei er informert om prosjektet når dei skal handtera saka.

Skisser over ny E16 gjennom Vaksdal

SKISSER: Den raude streken nærast Vaksdal syner nye jernbanetraseen, medan dei andre strekane syner ulike løysingar for E16. Vegvesenet presiserer at dette er skisser og langt frå noko som er bestemt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tilfeldig at det kom opp i Stortinget

I ein debatt på Stortinget 7. mars kjem det plutseleg fram at prisen på ny E16 Arna-Stanghelle har auka med fire milliardar.

I løpet av mars blir både samferdsleministeren og statsministeren i Stortinget spurt om dokumentasjon om milliardsprekken på E16.

Verken Solvik-Olsen eller Solberg nemner brevet dei fekk 3. oktober. Ikkje ein gong då regjeringa 5. april legg fram sitt fullstendige forslag til Nasjonal Transportplan.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)

Foto: NRK

Først då Bergens Tidende fekk tak i brevet og omtala det 18. april, blei innhaldet kjend for Stortinget og offentlegheita.

– Eg har aldri opplevd i ei sak på Stortinget at slik informasjon kjem fram heilt tilfeldig, og at det berre er nokre på Stortinget som veit om det, altså regjeringspartia sjølv, seier Kjersti Toppe.

– Stortinget har ikkje sete og gjort avgjerder på feil grunnlag. Motiv som opposisjonen her skuldar oss for om forsøk på å skjula informasjon – slike ting skjer ikkje, seier Solvik-Olsen.