Hopp til innhold

Stenger Hardangerbrua i periodar

På grunn av vedlikehaldsarbeid vert Hardangerbrua stengt i periodar måndag og tysdag. Vegvesenet seier folk må rekna med litt køar.

Første trafikk over Hardangerbrua.

STENGT I PERIODAR: Måndag og tysdag vert Hardangerbrua stengt i opptil ein time om gongen på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Foto: Geir Brekke / Statens Vegvesen

– Det skal utførast vedlikehaldsarbeid. Vi skal gå over vaierane mellom brutårna, seier trafikkoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen.

Arbeidet med vaierane skal skje på kvelds- og nattetid måndag og tysdag. Det vert stengt i maksimalt ein time om gongen. Statens vegvesen forklarar stenginga med tryggleiken til arbeidarane som skal gjera jobben.

Måndag 7. oktober klokka 17.00 stenger dei brua fram til tysdag 8. oktober klokka 01.00. Det same skjer tysdag ettermiddag; Hardangerbrua stenger frå klokka 17.00 til klokka 01.00 natt til onsdag 9. oktober.

Må rekne med litt kø

I pressemeldinga frå Statens vegvesen står det at heile vegsystemet med Vallaviktunnelen og Butunnelen også vert stengt periodevis. Det påverkar trafikken mellom Bu og Ringøy på sørsida av fjorden og trafikken mellom Granvin og Vallavik på nordsida av fjorden.

– Stenginga betyr ein times ventetid i verste fall for bilistane. Folk som skal krysse fjorden i den perioden må rekne med litt køar, seier Amundsen.

Entreprenøren vil halda tilsyn med trafikken og så langt som råd tilpassa arbeidet etter trafikksituasjonen på begge sider av fjorden.