Held fram søket etter Agnar (74) med full styrke

To døgn etter at Agnar Ingemar Holtås vart meldt sakna, har ein enno ikkje funne spor etter han. Politiet vil setta inn ekstra mannskap og halda fram med leitinga utover dagen.

Leter

INGEN SPOR: Agnar Ingemar Holtås (74) vart meldt sakna etter at han forsvann frå sin bustad i Mathopen laurdag morgon. Sidan i laurdag kveld har politiet søkt i nærområdet, så langt utan resultat.

Foto: Jarl Omestad
Tale Hauso
Journalist

– På formiddagen kjem vil til å konsentrera oss om å søka i området rundt bustaden til den sakna, og då har vi mannskap frå Røde Kors, Militærpolitiet og ein hundepatrulje, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Hordaland politidistrikt.

Agnar Ingemar Holtås (74) vart meldt sakna etter at han forsvann frå sin bustad i Mathopen laurdag morgon. Sidan i laurdag kveld har politiet søkt i nærområdet, så langt utan resultat.

Agnar (74)

SAKNA: Agnar Ingemar Holtås (74) har vore sakna frå området Mathopen i to døgn.

Foto: Privat

Dei som har deltatt i leitearbeidet er Brannvesenets klatregruppe, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, redningshundar, politiets hundar og eigne frivillige naboar og kjende av den sakna. Også Kystverkfartøyet "Tor" har hjelpt til i leitinga.

– Vi fortsetje i alle fall med uforminska mannskap ut formiddagen og så tek vi ei ny avgjerd ut på ettermiddagen i dag, men det skal vera gode høve til å klara seg ute til den temperaturen som vi har i dag, meiner Rebnord.

– Vil dykk utvida søket?

– Nei, no i første omgang vil vi konsentrera oss om området rundt bustaden hans, seier Rebnord.

– Har dykk fått ein del tips i saka?

– Vi har fått ein del tips og det har vi følgt opp, men førebels har ikkje det ført fram til noko, seier Rebnord.

Hordaland politidistrikt vil ta ein fortløpande vurdering utover dagen.

– Vi er i tett dialog med HRS og på føremiddagen vil vi vurdera om vi skal fortsetja eller eventuelt avslutta søket, seier Rebnord.

Glad i å gå på tur

Totalt har 100 personar vore med på å leita etter Holtås. Leitegruppene har vore delt inn i teiger i eit ganske stort område der 74-åringen pleier å gå tur, ikkje langt unna mannen sin bustad i Mathopen.

74-åringen sin son Kjetil Holtås seier til Bergens Tidende at faren ofte går på tur.

– Han er åndsfrisk og rimeleg god form, seier Holtås.

Ønskjer tips

Politiet ønskjer framleis tips og ved observasjon av vedkommande kan ein ringja politiet på 02800.

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg og har normal kroppsbygning. Han er skalla med litt grått hår på sidene.

Han snakkar vestlandsdialekt og var iført beige bukser og gul skjorte då han forsvann frå sitt heim.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.