Held fram leitinga utover natta

Den sakna mannen på Voss har vore borte sidan klokka 16 i ettermiddag. Han forsvann då frå institusjonen han er pasient ved. – Det er på bakgrunn av mannen sin sjukdomshistorikk at me er uroa. Me vil leita utover natta, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit. Signal frå mobilen til mannen har slått ut på ein basestasjon på Voss. Elleve frivillige og to ekvipasjar frå Norske hundepatruljer deltek.