Hopp til innhold

Hektisk natt for politiet

Politiet har hatt nok å gjera natt til 1. mai i Hordaland. I Bergen sentrum brakk ein mann nasen i ein slåstkamp, medan to ungdommar slost i ein pølsekø på Stord.

Totalt reknar operasjonsleiaren i Hordaland politidistrikt at dei har hatt nesten 100 oppdrag i natt.

– Det har vore veldig travelt, men heldigvis har vi ikkje hatt dei mest alvorlege hendingane. Det har vore mykje ordensforstyrringar, seier operasjonsleiar Vibeke Næss til NRK.

Trass den travle natta er det berre to personar som har hamna i drukkenskapsarresten.

– Politiet har hatt fokus på førebygging og vi har vore på plass i Bergen sentrum. Patruljane har avverja mykje.

Mann knakk nase

Vestre Torggaten i Bergen

KNAKK NASEN: Tre personar skal ha vore involvert i ein slåstkamp utanfor Fotballpuben i Vestre Torggate. Ein mann i 20-åra knakk nasen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Natt til 1. mai er tradisjonelt ein svært populær kveld å tilbringa på byen for mange, og slik har det også vore i natt.

– Den mest alvorlege hendinga vi har fått inn er ein slåstkamp ved Fotballpuben i Vestre torggate. Ein 20 år gamal mann skal ha brekt nasen, men vi har ikkje arrestert nokon, opplyser Næss. Hendinga vart loggført klokka 02.30.

Ho legg til at russen har oppført seg eksemplarisk i natt.

– Russen har vi berre hatt to oppdrag på, dei har oppført seg på ein fin måte.

Kamphanar i pølsekø

Det har også vore litt å henga fingrane i for politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Vi har hatt ein god del ordensforstyrringar samt nokre slåstkampar, seier operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen til NRK.

Klokka 23.22 fekk dei melding frå ein privat heim på Stord om at ein gjest knuste flaskar og glas og at vertane trong hjelp. Då dei kom fram var den utagerande gjesten forsvunne.

Kring ein time seinare måtte politibetjentar køyre ei sint kvinne i tenåra heim frå ein utestad i Leirvik, etter at ho ikkje fekk sleppa inn att på utestaden.

På Heiane på Stord vart to menn i 20-åra vist vekk etter å ha byrja å slost i ein pølsekø. Ein rusa mann i starten av 20-åra vart klokka 02.42 sett i drukkenskapsarresten, etter å ha involvert seg i ein slåstkamp utanfor ein utestad i Leirvik.