NRK Meny
Normal

Heidrar Alexander Dale Oen med eiga drakt

Nest – Sotra heidrar Alexander Dale Oen og The Dale Oen Experience med spesialsydde drakter. 100 tilsvarande drakter blir lagt ut for sal.

Nest-spillere med spesiallaget Nest-Sotra-drakt

HEIDRAR DALE OEN: Simen Næss (f.h.), Steffen Lie Skålevik og Johnny Furdal var dei fyste Nest-spelarane som fekk prøve den spesiallaga drakta under onsdagens lansering. Her med Robin Dale Oen.

Foto: Anders Jakobsen / VEstnytt

Når Nest-Sotra speler kamp mot Bryne 28. september, blir det med biletet av den avdøde svømmaren Aleksander Dale Oen på ryggen.

Steffen Lie Skålevik med spesiallaget Nest-Sotra-drakt

DALE OEN PÅ RYGGEN: Steffen Lie Skålevik med den spesiallaga Nest-Sotra drakt.

Foto: Anders Jakobsen / Vestnytt

Draktene har også logoen til The Dale Oen Experience på framsida, og initialane til svømmaren vove inn i kragen.

– Sotra støtter opp om oss som fotballag, og då skal me sjølvsagt støtte opp om andre initiativ i Sotra-området, som The Dale Oen Experience. Me er veldig lokalt forankra, seier dagleg leiar i Nest-Sotra, Michael Flyvholm til Vestnytt.

LES OGSÅ: Slik lever Robin friluftsdrømmen uten Alexander

100 drakter blir lagt ut for sal

100 tilsvarande drakter til dei spelarane skal bruke, blir lagt ut for sal. Inntektene går til Dale Oen Experience, ein ideell organisasjon som gjev aktivitetstilbod til barn og unge. Organisasjonen er driven av bror til Aleksander Dale Oen, Robin Dale Oen.

Det var den italienske draktprodusenten Macron som fekk ideen til å lage draktene. Roger Langaker, salssjef i selskapet, seier til avisa Vestnytt at årsaka er fyrst og fremst at dei likar arbeidet til Dale Oen Experience.

Det er òg Macron som tek alle kostnadane med å produsere draktene.

– Utruleg kjekt

På Dale Oen senteret i dag, synte Nest – Sotra fram draktene som både skal heidre Aleksander Dale Oen og arbeidet broren Robin Dale Oen gjer gjennom arbeidet i The Dale Oen Experience. Nest – Sotra var aldri i tvil om at dette var noko dei skulle vere med på.

– Eg sa ja til det med ein gong, seier Flyvholm.

Robin Dale Oen som søndag blei kåra til «Friluftslivets eldsjel», set stor pris på engasjementet frå Nest-Sotra og Macron.

– Det er utruleg kjekt at dei syner engasjement for det arbeidet me gjer mot barn og unge.

LES OGSÅ: Brenn for å lære barn å overleve utandørs

Spesiallaget Nest-Sotra-drakt

NAMN I KRAGEN: Dei nye draktene som også har logoen til The Dale Oen Experience på framsida, og initialane til svømmaren vove inn i kragen.

Foto: Anders Jakobsen / Vestnytt

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.