Hopp til innhold

– Det var ei skremmande oppleving

VOSS SJUKEHUS (NRK): Heidi Engebregtsen og ektemannen var innesperra av brannen i Gudvangatunnelen i nær to timar. Dei takkar mannskapa som redda dei ut i tryggleik.

Heidi forteller om brannen i Gudvangatunnelen fra sykesengen

SJÅ VIDEO: Heidi Engebregtsen fortel om den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen. (Foto: Alrik Velsvik)

37 personar vart evakuert og fem hamna på sjukehus etter tunnelbrannen i Gudvangatunnelen på E16 i ettermiddag. Ein turistbuss byrja å brenne knappe 500 meter inn i tunnelen frå Undredal-sida.

Fire personar er innlagde med alvorlege skader på Voss sjukehus. Ei av dei som er innlagd er Heidi Engebregtsen.

Ho og ektemannen Halvard var innesperra i den 11 kilometer lange tunnelen i to timar.

– Det verka som veldig lang tid. Og det smalt og det bråka noko voldsomt. Det var ei skremmande oppleving, seier Heidi til NRK frå sjukehussenga.

Det kom ein mann springande mot oss og sa vi måtte komme oss ut. Vi opna bildøra og sa at vi ikkje fekk snudd. Då kjende vi røyklukta.

Heidi Engebregtsen

Klarte ikkje å snu

Ho og ektemannen var på veg austover på E16 og hadde ein knapp kilometer att av Gudvangatunnelen då dramaet inne i tunnelen starta.

– Vi såg at bilane framfor oss bremsa ned litt. Så kom det to bilar i møte som blinka kraftig med lysa. Vi køyrde vidare og møtte ein lastebil som stod i ro. Fleire bilar framfor oss la seg ut for å køyra forbi. Vi trudde det var lastebilen som var årsaka til at andre bremsa ned, fortel Heidi.

Også dei bestemte seg for å køyra forbi lastebilen. Men då kom dei ikkje lenger. Dei andre bilane byrja å snu, men ekteparet Engebregtsen hadde bil med campingvogn.

– Det kom ein mann springande mot oss og sa vi måtte komme oss ut. Vi opna bildøra og sa at vi ikkje fekk snudd. Då kjende vi røyklukta.

Tunnelbrann Gudvangatunnelen

UTBREND: Slik ser turistbussen ut etter brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Voss brannvesen

Skryt av redningsmannskapa

Ekteparet lukka døra og bestemte seg for å venta på hjelp. Dei ringde 112 og fekk kjapt svar.

– Vi hadde dei på telefonen så og seia heile tida, og dei kom med til råd til kva vi skulle gjere. Vi hadde vatn i bilen som vi fukta klede med og som vi brukte til å puste.

– Men det var skremmande. Det smalt rundt oss og det vart stupmørkt.

Til slutt kom brannvesenet fram og dei to i bilen fekk surstoff før dei vart redda ut. Heidi rettar ein stor takk til alle som var med å sløkkje brannen og redde folk ut av tunnelen.

– Det gjekk jo fint med oss, sjølv om det var skremmande. Så no går det så bra så, alle var så flinke, smiler Heidi Engebregtsen.