Hopp til innhold

Heia alle! Heia alle!

Ein eigen patrulje passar på at spelet går fint føre seg. Ingen kan vinne, for det viktigaste på Voss Cup er nemleg at alle har det kjekt.

Prestegardsmoen under Voss Cup 2009

VOSS CUP: I barneidrett er det viktigast at alle har det kjekt.

Foto: Olav Sønnesyn

– Vi går ikkje og luskar rundt altså. Alle veit jo at vi er her!

Sigurd Simpson-Larsen er ein av karane i Fair-Play patruljen på Voss Cup i helga. Dei tre siste åra han følgt turneringa med litt andre auge enn dei fleste andre tilskodarane.

– Vi ser på oppvarminga, stemninga rundt kampen, korleis dei vaksne snakkar til barna i pausen og korleis trenaren gir instruksar. Sigurd ramsar opp. Og det er mange reglar å halde styr på.

Poenget med alt dette er at ungane skal ha det kjekt, og oppleve turneringa som noko positivt.

  • HER kan du følge Voss Cup live!

Førebyggande

Han fortel om ein kamp der både spelarane og alle dei vaksne oppførte seg heilt etter boka. Alle behandla kvarandre bra, og ungane fekk spele like mykje.

– Etter kampen ropte alle foreldra "heia alle", "heia alle"! Då fekk begge laga is av oss, seier ein nøgd Simpson-Larsen.

BJARTE Bergstrøm , midt Arvid Birkeland, høyre Sigurd Simpson - Larsen

FAIR-PLAY PATRULJEN: Bjarte Bergstrøm. Arvid Birkeland og Sigurd Simpson-Larsen er karane i Fair-Play patruljen på Voss Cup i helga.

Foto: Privat

Fair-play patruljen ser jobben sin som viktig for å førebyggje resultatfokuset i barnefotball.

– Vi som er ei så stor turnering må fokusere på det. Alle turneringar burde vore slik! seier Simpson-Larsen. Han legg til at dersom barna ikkje synst det er moro, så sluttar dei.

Men for Voss Cup ser det ikkje ut til å bli slutt på deltakarar med det første.

Hodebry for leiaren

Det som truleg er Noregs største turnering for barn mellom 6 og 12 år, kan feire 25 års jubileum i år. Gradvis har dei vakse seg store. Frå 93 lag første året til 710 lag i år.

– No har vi nesten ikkje plass til fleire, seier sjefen for det heile, Arne Førde.

Tusen personar er i arbeid denne helga. Leiaren fortel om overnatting og matkø som store utfordringar. Men det er likevel kampoppsetta som gir Arne Førde hodebry.

– 1400 kampar er litt å organisere, sukkar han.

– Det er vel ikkje lag som framleis er utan motstandarar?

– Jo, faktisk. Det er eit lag i morgon, fordi nokon trekte seg på onsdag. Men det rekk eg å finne ut av før eg legg meg i kveld.

Heia alle!

Om lag 8200 barn skal spele i løpet av helga.

– Vi er opptatt av å arrangere ei turnering innanfor dei reglane som er i barneidretten. Ingen barn skal reise heim utan å ha spelt.

Sidan det ikkje er sluttspel i turneringa, er det ingen som vinn og ingen som taper.

Og forresten: Følge BT går det med 10.000 pølser i brød, 10.000 flasker med vatn, 20.000 is, eit tonn middag, 30.000 brødskiver og 20.000 koppar kaffi denne helga på Voss.