Hopp til innhold

Havforskarar for ein dag

Born og unge kan altfor lite om havet og livet i sjøen, meiner Havforskingsinstituttet.

Video a9982e80-6ba1-4709-8886-a8368e873a1b.jpg

Jan Erik Stiansen

Forskar ved Havforskningsinstituttet, Jan Erik Stiansen.

Foto: Kjell Jøran Hansen/NRK

Sjølv om Noreg er ein kystnasjon, lærer elevane lite om havet og sjøen på skulen.

Dette meiner forskar ved Havforskningsinstituttet, Jan Erik Stiansen, er for dårleg.

- Viss du ser i lærebøkene, så står det skremmande lite om det marine livet. Det er veldig synd. Fiskeria og havressursane er jo nokre av dei største eksportressursane me har, seier han.

Pilotprosjekt

Henriette Hauge

Lærar ved Sandgotna skule, Henriete Hauge

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

For å gje unge meir kunnskap, har Havforskningsinstituttet dratt i gang eit pilotprosjekt i samarbeid med lærarutdanningane i Bergen.

Torsdag fekk elevane ved Sandgotna skule i Loddefjord prøva seg som forskarar i fjæra.

- Det er kjekt. Det er det kjekkast me har gjort i år, seier Eivind Dullum Bjørnestad.

Lærar Henriete Hauge meiner også tilbodet er bra.

Eivind Dullum Bjørnestad

Eivind Dullum Bjørnestad

Foto: Kjell Jøran Hansen/NRK

- Dette er nærområdet deira, så då er det viktig at dei får kunnskapar om korleis dei kan bruka det, og kva dei kan bruka fjæra til, seier Hauge.

Vil bli fiskar

Så langt er det berre eit prøveprosjekt, men Havforskningsinstituttet ynskjer å byggja opp eit tilbod som alle skulane i landet kan dra nytte av.

Nokre er alt overbeviste om at framtida ligg her ute.

- Det er kjekt å leite etter det som ligg i havet. Ein veit jo aldri kva ein finn. Det er eigentleg det her eg har drøymt om å jobba med. Eg vil bli fiskar, seier Eivind Dullum Bjørnestad.

Unge havforskere

Sjøen ligg nært, men for nokre av elevane ved Sandgotna skule i Loddefjord var det første gong dei såg livet i fjæra på nært hald.

Foto: Kjell Jøran Hansen