Hopp til innhold

Havarikommisjonen: – Helikopteret styrta grunna teknisk feil

HAAKONSVERN (NRK): – Ulukka kan ikkje skuldast menneskelege feilhandlingar frå pilotane, slår Havarikommisjonen fast.

Hangaren på Haakonsvern og helikopteret

SKAL FINNA SVAR: På Haakonsvern i Bergen blir alle bitane i 'puslespelet' samla. Dei neste månadane skal Havarikommisjonen finna svaret på ulukka.

Dei forvridde delane frå vraket av helikopteret etter styrten ved Turøy er blitt samla i ein hall på Haakonsvern i Bergen.

Dei neste månadene skal Havarikommisjonen her prøva å få svar på kva som gjekk frykteleg gale, då helikopteret fredag 29. april styrta i Skitholmen ved Turøy, på veg inn mot landing på Flesland.

13 personar omkom i ulukka.

Ulykkeshelikopteret Turøy i lufta ein måned før ulykken

TEKNISK FEIL: Havarikommisjonen stadfestar at ulukka skuldast teknisk feil ved helikopteret.

Foto: Erik Westrum

Ikkje avslutta søket

Havarikommisjonen har jobba med å samla inn vrakdelar i hangaren i tre døgn. Vind og regn har vaska fram vrakdelar på ulukkesstaden ved Turøy.

– Det kjem stadig nye komponentar inn, og vi har henta mykje opp frå hav og land, seier direktør i luftfartsavdelinga i Havarikommisjonen, Kåre Halvorsen.

– Vi har plukka med oss mykje, men det er framleis ting igjen. Vi har ikkje avslutta søket, men grunna vêrforholda har vi ein pause no.

Vrakdeler fra helikopter på Haakonsvern

Havarikommisjonen har eit omfattande arbeid framfor seg.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / NTB Scanpix

Teknisk ulukke

Alle data frå den svarte boksen er henta ut. Dataa er særs viktig for å finna årsaka til ulukka. I dag kan Halvorsen stadfesta at ulukka skuldast teknisk feil ved helikopteret.

– Ulukka kan ikkje skuldast menneskelege feilhandlingar om bord i helikopteret.

– Vi held på å jobbe med delane vi har, og prøver å sortere og få oversikt. Det vi ikkje har oversikt over, er om det manglar viktige vrakdelar, fortel direktøren i luftfartsavdelinga.

NRK har tidlegare skrive om at helikopterpilotane aldri rakk å slå alarm. «Alt ok» skal ha vore siste melding frå pilotane inn til flytårnet på Flesland, då flyet nærma seg land etter overfarten frå Gullfaks B i Nordsjøen.

Kåre Halvorsen og helikoptervraket

PRESSEKONFERANSE: Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen orienterte om arbeidet med helikoptervraket på Haakonsvern i ettermiddag.

Foto: Christian Lura / NRK

Vil ta tid før alle svar ligg føre

Alle system som er knytt til rotor er viktig for Havarikommisjonen no. Dei reknar med å starte innsending av delar til heimebasen i morgon for vidare undersøking.

Tidlegare har dei vurdert at ein konklusjon vil ligga føre om kring 12 månadar.

– Vil det kome ein førebels konklusjon om årsaka?

– Ja, så snart vi veit noko, seier Halvorsen.

Rotor fra Super Puma som styrtet i 2009

LØSNA: Augevitne fortel til NRK at rotoren løsna frå flyet i lufta. Rotoren blei funnen fleire hundre meter frå ulukkesstaden.

Foto: Air Accidents Investigation Branch