Hopp til innhold

Havarikommisjonen slår alarm om helikoptertryggleik

Helikopterselskapa meiner kraftlinjeutbyggarar gir blaffen i tryggleiken, og skuldar «verstingen» Statnett for ansvarsfråskriving. Etter fleire ulukker ber Havarikommisjonen oppdragsgjevarane skjerpa seg.

Turøy-ulykken.

– IKKJE GODT NOK: – Helikoptertryggleiken blir litt stemoderleg behandla, seier Havarikommisjonens avdelingsdirektør Kåre Halvorsen, her fotografert i samband med ei pressekonferanse om Turøy-ulukka.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Veldig ofte er landingsplassane ikkje gode nok. Dei er for små, smale og med mykje hindringar rundt, seier flygesjef Øystein Skovro i selskapet Nord Helikopter.

Sist veke kom rapporten frå Havarikommisjonen etter at ein av deira pilotar kolliderte med ein konteinar på ein byggjeplass for ei ny kraftlinje i Masfjorden i fjor.

Kraftselskapet BKK var byggherre. Undereleverandøren var oppdragsgjevar. Både underleverandøren og piloten fekk kritikk.

– Sjølvsagt har piloten ansvar for å fly trygt. Men kraftselskapa har heilt klart eit ansvar for å auka tryggleiken, seier Skovro.

– Vi tek hendinga svært alvorleg, men BKK hadde ikkje fått opplysningar om at landingsplassen ikkje burde bli brukt, seier prosjektleiar Lars Røise i BKK Nett.

Store flenger i helikopterrotor etter ulykke

SKADD: Helikopteret klarte å landa trygt etter at rotoren trefte ein konteinar på ein byggeplass for ny kraftlinje.

Foto: Havarikommisjonens rapport

Havarikommisjonen: – Planlegg for dårleg

Ulukka i Masfjorden er den fjerde knytt til kraftlinjer Havarikommisjonen granskar på kort tid. I fjor skjedde to ulukker knytt til linjeinspeksjon, og ein rapport frå ei fjerde ulukke er på trappene.

Avdelingsdirektør for luftfart, Kåre Halvorsen, meiner dei mange hendingane på kort tid gjer det viktig å løfta problemstillinga generelt.

– Helikoptertryggleiken blir litt stemoderleg behandla på kraftlinjebygging og andre innanlandsflygingar, seier Halvorsen.

Han er tydeleg på at det er utbyggarane som må ta meir ansvar, og bli meir profesjonelle i måten dei legg til rette for helikoptera på.

– Det er opplagt ikkje godt nok. Oppdragsgjevarane tek ikkje like mykje omsyn til helikopteroperatørane som dei burde. Landingsplassar blir ofte for tronge og endrar seg undervegs, seier Halvorsen.

Endringar på landingsplassen var delar av forklaringa på ulukka i Masfjorden.

– Fartøysjefane er sjølvsagt ansvarlege for det ein gjer der og då, men dei blir jo sett veldig i skvis. Det er tidsfristar og avtalar som er inngått. Då er det ekstra viktig at dei som er ute har forståing for risikomomenta. Kunden må skjøna at ein må bidra til å betra tryggleiken både ved bygging og linjeinspeksjon, fastslår Halvorsen.

Kraftkabel som vart kappa av helikopter-rotorblad

KUTTA KABEL: Rotoren til eit helikopter kutta tre slike kraftige høgspentkablar under eit inspeksjonsoppdrag for Agder Energi i fjor sommar, men ingen vart skadd.

Foto: SHT

– Kjenner på press kvar dag

På ei gjennomsnittleg kraftlinjeutbygging på to-tre år landar Nord Helikopter opp mot 40.000 gongar på området kor det blir bygd kraftleidningar.

Sjefflygar Fredrik Rød i Airlift er einig i at selskapa bak kraftlinjebygging ikkje har nok fokus på helikoptertryggleik.

– Generelt er det altfor dårleg tilrettelagt. Helikoptertryggleiken er ikkje varetatt i det heile tatt. Det er opp til piloten åleine å setja foten ned, seier Rød.

Flygesjef Øystein Skovro i selskapet Nord Helikopter.

RISIKO: Flygesjef Øystein Skovro i selskapet Nord Helikopter meiner kraftselskap som Statnett ikkje gir god nok tryggleik for den omfattande helikoptertrafikken ved kraftlinjebygging.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Statnett lyttar ikkje

Nord Helikopter meiner den største kraftlinjeutbyggjaren ikkje lyttar til kritikken. Dagleg leiar Erlend Folstad seier bransjen har hatt fleire møte med Statnett, og hevdar dei ikkje er blitt høyrt.

– Me føler byggherren driv stor ansvarsfråskriving med å overlata ansvaret til den enkelte flygaren, seier Folstad.

Flygesjef Skovro meiner det er for stort fokus på kostnadskutt.

– Statnett er blant dei verste når det gjeld å få ting gjort billigast mogleg. Først når det er avklart, byrjar dei å snakka om tryggleik. Då er det litt for seint.

Kontainer står i terreng på en landingsplass for helikopter

ULUKKE: BKK og piloten fekk nyleg kritikk frå havarikommisjonen etter at helikopterrotoren trefte den grå konteinaren under arbeid med ny kraftlinje for BKK.

Foto: Havarikommisjonens rapport

Statnett: – Tryggleik er det viktigaste

BKK seier dei har teke initiativ til ein bransjestandard med tryggleikskrav til helikoptertransport.

– Tryggleik skal aldri vika for økonomi, seier prosjektleiar Lars Røise.

Også kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett avviser at dei set økonomi framføre tryggleik.

– Tryggleik er det viktigaste frå me startar planlegginga til kraftlinja står ferdig. Og me har eit veldig godt samarbeid med bransjen.

– Men helikopterselskap seier dei ikkje føler Statnett lyttar til kritikken?

– Me kan alltids bli betre. Det er målet. Og me inviterer gjerne bransjen til ytterlegare dialog, seier Nilson.

Martha Hagerup Nilson, Statnett

TRYGGLEIK VIKTIGAST: – Målet er å alltid bli betre på tryggleik, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Foto: Statnett

Planlegg landingsplassar utanfor trasé

Ho understrekar at Statnett sjølv ikkje bestiller så mange helikoptertenester. Det er det entreprenørane som gjer.

– Vårt hovudansvar er å redusera risiko i planleggingsfasen og sjå til at entreprenørane er kvalifiserte til å handtera restrisikoen.

Nilson fortel at dei no både planlegg landingsplassar utanfor traseen der kraftlinja skal gå, og brukar flygarar som konsulentar tidleg i planarbeidet.