NRK Meny
Normal

Turist (58) døydde: Startar Noregs første gransking av ei sykkelulukke

Det belgiske turistfølget brukte ikkje den uskilta sykkelvegen, og sykla rett inn i den mørke tunnelen i Samnanger. No skal Havarikommisjonen granske dødsulukka.

Tunnel der dødsulykke skjedde i Samnanger

SYKKELTURIST PÅKØYRD: Det var 11. juli 2017 at ein av syklistane i eit følge på ti, blei påkøyrd og drepen inne i Raunekleivtunnelen i Samnanger kommune.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Vi har no bestemt at vi skal gjennomføra ein full undersøking av saka, seier avdelingsdirektør i vegavdelinga, Rolf Mellum, i Statens Havarikommisjon.

Ulukka som skjedde om føremiddagen inne i Raunekleivtunnelen i Samnanger kommune, har så mange spesielle omstende at Mellum og avdelinga hans i kommisjonen meiner det kan vera til hjelp for fleire å komme med ein offentleg rapport om det som skjedde.

Ein 58 år gammal belgisk lærar på sykkel blei påkøyrd og drepen midt inne i tunnelen. 58-åringen sykla i ei gruppe på ti syklistar då han blei treft av ein bil.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

SKAL GRANSKE: Avdelingsdirektør i vegavdelinga, Rolf Mellum, i Statens Havarikommisjon.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– Grunnen til at vi vil granske ulukka er at denne typen ulukke er spesiell. Det at ein som syklist blir påkøyrd i ein tunnel er dramatisk i seg sjølv. Men i tillegg er det omstenda rundt vi ønskjer å sjå nærare på slik at det ikkje skal skje igjen, utdjupar Mellum.

I etterkant av ulukka kom det fram at det fins ein sykkelveg rundt ulukkestunnelen, men at den ikkje er skilta. Fungerande ordførar i Samnanger, Øyvind Røen, skulle då ta kontakt med Statens vegvesen om den manglande skiltinga.

– Eg oppfattar tunnelen som relativt mørk, og dermed potensielt farleg, sa Røen.

Første gransking av dødsulukke på sykkel

Havarikommisjonen har fått innrapportert fleire ulukker der syklistar og tunge køyretøy er involvert. Dei har også tidlegare vurdert å gå grundig inn i slike ulukker. Men no gjer kommisjonen det for første gang.

– Vi ser at mjuke trafikantar og syklistar har aukande volum, men har ikkje hatt kapasitet til å gå inn i det før no. Samstundes ser vi at denne ulukka er interessant også fordi den har eit aspekt med turisme, og sykkelturisme, seier Mellum.

Kommisjonen skal intervju involverte på nytt, og reise til tunnelen i Samnanger for å sjå nærare på tilhøva der.

– Vi meiner det har ein verdi at nokre ulukker får merksemd. Her vil det kome ein god offentleg rapport som kan fortelje kva som har skjedd, og forklare alle råka kva som skjedde. Også styresmakter og privatpersonar.

– Målet er å vise kva ein bør gjera for å prøve å hindre at det skjer igjen, seier Mellum.

Raunekleivtunnelen fv 7 Samnanger

ULUKKESTUNNELEN: Raunekleivtunnelen på fylkesveg 7 i Hordaland er 250 meter lang.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Framleis sikta for aktlaus køyring

Lensmannen i Samnanger, Terje Sperrevik, fortel at politiet allereie har vore i dialog med Havarikommisjonen om saka.

– Det har lege litt i korta at dei ville starte gransking. Slik eg har forstått det, vel dei å gå inn i denne saka frå eit førebyggingsperspektiv, seier Sperrevik.

Lensmannen seier dei han reknar med å få spørsmål om å assistere kommisjonen i undersøkingane. Politiet si etterforsking er så å seie avslutta.

– Vi har gjort vitneavhøyr og åstadsgransking, og ulike instansar, som Vegvesenet sin ulukkeskommisjon, har vore inne i saka. Men vi ventar framleis på nokre rapportar, seier Sperrevik.

Føraren av bilen er framleis sikta for aktlaus køyring etter Vegtrafikklova sin paragraf 3. Grunna ferieavvikling har politiet framleis ikkje teke stilling til om dei vil utvide siktinga.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås