Hopp til innhold

Håvard kjøpte David Gilmours gamle fly

Eit av flya til Pink Floyd-gitarist David Gilmour har hamna i Nordhordland. – Han har ein open invitasjon hit, seier eigar Håvard Dale.

Pink Floyd - Live 8

– GENUINT FLYINTERESSERT: Pink Floyd gitarist og vokalist David Gilmour.

Foto: JOHN D MCHUGH / AFP

– Eg har visst at sjølvaste David Gilmour har eigd eit slikt fly, som han kjøpte frå Russland i 1991, seier Håvard Dale.

Men han var ikkje klar over at det var gitarist og vokalist David Gilmour i Pink Floyd som hadde eigd flyet då han bestemte seg for å kjøpe det.

– Det var litt av eit samantreff, seier Håvard Dale til avisa Strilen, som fyrst skreiv om «Pink Floyd-flyet».

– Då eg sat i England og las gjennom historia til flyet, såg eg at David Gilmour var oppført som eigar. Då skjønte eg at det var det same flyet, fortel den nyslegne eigaren av «Pink Floyd-flyet» til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Dale
Foto: Privat

Flyinteressert rockelegende

David Gilmour har hatt ei stor samling med spesielle fly, fortel Håvard Dale.

– Han er genuint interessert og har eigd veldig mange fly. Men etter kvart byrja han å selje fleire av dei.

No er altså eit av dei hamna i Lindås.

HØYR OGSÅ: Pink Floyd låten "Learning to fly"

– Har jakta på nettopp dette flyet

Flyet som no skal sveve over furutoppane i Nordhordland er ein Yak 52. Det er eit treningsfly produsert i gamle Sovjetunionen, som i si tid blei brukt til å trene opp jagarflypilotar.

Dale kom over flyet på ei amerikansk nettside rett før jul. To dagar etter var han på ein nedlagt flyplass i England for å hente det.

– Eg har vore på jakt etter eit sånt fly ganske lenge, seier Dale. Eg har hatt eit av dei før, og var fast bestemt på at eg måtte ha eit slikt igjen.

  • Sjå video av det første Yak 52-flyet hans nedst i artikkelen

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Dale

HAR JAKTA PÅ EIT SLIKT FLY LENGE: Håvard Dale frå Lindås i Nordhordland.

Foto: Privat

– Får opp adrenalinet

– Det er ikkje så mange plassar ein kan utfolde seg her på Vestlandet utan at ein bryt ei eller anna lov. Men i lufta kan ein framleis gjere ein del ting innanfor regelverket som får adrenalinet og spenninga opp, seier Dale.

– No er planen å ha det moro.

Dale er flyteknikar på Helikopterservice på Flesland. Han flaug sjølv flyet frå Rygge til Bergen.

Dale arbeider også for å etablere eit luftsportssenter i Nordhordland.

– Er det aktuelt å invitere David Gilmour på ein tur dit?

– Heilt klart. Han vil sjølvsagt ha ein open invitasjon. Eg må på eit eller anna tidspunkt prøve å få sagt til han at flyet hans har hamna i Norge.

– Kva er ditt forhold til Pink Floyd?

– Dei har veldig mykje fin musikk. Det er mykje flott der. Og det kjem nok til å bli mykje Pink Floyd framover, avsluttar Dale.

LES OGSÅ: Fann «Pink Floyd» dumpa i plastboks

Håvard Dale viste fram det forrige flyet han hadde av typen Yak 52 i jubileumssendinga til Norge Rundt i 2006.

NORGE RUNDT: Håvard Dale viste fram det første flyet han hadde av typen Yak 52 i jubileumssendinga til Norge Rundt i 2006.