Hopp til innhold

Hat trick av Orlov gir Norling arbeidsro

BRANN STADION (NRK): Brann sin svenske spiss stogga ikkje før han hadde sett tre ballar i nota. – Eg kan faktisk ikkje huske om eg har skåra hat trick før, seier helten sjølv.

Jakob Orlov laga hattrick mot Ranheim i 1.divisjon

OPPTUR: Det losna skikkeleg for Jakob Orlov i kveld. Svensken sette inn tre mål på Stadion.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Bortelaget Ranheim var farleg frampå fleire gonger, men det var heimelaget som omsette sjansane i tellande resultat. Til slutt enda det 4–1 på eit særdeles glissent Brann Stadion i Bergen.

Dermed kan trenar Rikard Norling notere tre nye poeng i kampen om opprykk til Eliteserien. Truleg får han også meir arbeidsro, etter ein småturbulent opning på sesongen.

Eitt mål frå Fredrik Haugen og tre mål frå Jakob Orlov sikra sigeren for Brann, som dermed er på 6.-plass 1. divisjon med 8 poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

– Skönt

Orlov var naturleg nok nøgd etter kampen.

– Eg kan ikkje huske sist eg laga hat trick, om eg faktisk har gjort det, smiler svensken til NRK etter kampen.

Etter ein treig start på sesongen losna det for Brann på Stadion i kveld.

– Det er klart det er «skönt». Dette hjelper naturleg nok på stemninga i garderoben.

Jakob Orlov skåra tre mål mot Ranheim.

Også trenar Rikard Norling var nøgd med både Orlov og laget sitt i kveld.

– Vi gjorde ein god prestasjon. Og som trenar kan ein ikkje be om særleg meir frå ein spiss enn tre mål. Han synte topp klasse i dag.

– Korleis lovar dette for fortsettinga?

– Vi har bra moment no med kamp allereie til helga. Den ser vi fram til, seier Norling.

Åsane framleis på topp

I motsetning til Brann har naboen Åsane har hatt ein eventyrleg start på sesongen i 1. divisjon. I kveld møtte serieleiaren Fredrikstad borte, og den gode formen heldt fram.

Til pause leia Åsane 1–0 etter mål av Martin Ueland. Like etter pause sørga Amin Nazari for balanse i protokollen.

Det enda til slutt 1–1 og nyopprykka Åsane toppar dermed framleis tabellen, etter at både Bryne, Sogndal og Follo rota seg poeng i sine kampar i kveld.

Laster innhold, vennligst vent..

Sistnemnde klara berre eitt poeng heime mot Nest-Sotra, og dei grønkledde kan dermed notera seg for årets første poeng i 1. divisjon.