Hopp til innhold

Hareide om Ropstad: – Klokt å beklaga

Knut Arild Hareide avviser ikkje å halda fram som parlamentarisk leiar.

Hareide intervjues av pressen på Gardermoen

FERDIG: Knut Arild Hareide gjekk i går av som partileiar etter at KrF valde å gå inn i regjeringa.

Foto: Gunhild Hjermundsrud / NRK

– Eg har ikkje sove kjempegodt i natt, seier Knut Arild Hareide til NRK dagen etter hans avgang som leiar for Kristeleg Folkeparti.

Etter åtte år i stolen var det KrFs inntog i den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985 som felte 46-åringen frå Bømlo i Hordaland.

– Eg må vel innrømma at for ein gongs skuld har eg litt dagen derpå-kjensle. Det er ikkje den mest vante kjensla frå mitt liv, men det kjennest litt sånn. Det trur eg alle forstår.

Blanda kjensler

Hareide meiner det var bra for partiet å gjera eit tydeleg vegval, sjølv om han kunne tenkt seg eit anna utfall.

– I politikken er ein med for å påverka, så eg må vera ærleg og seia at kjenslene mine er blanda. Men retningsvalet har revitalisert partiet. Me har vore ueinige om retninga, men einige om KrF sin politikk. Eg ønskjer alt godt for Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad i det viktige arbeidet dei står i. Men sjølvsagt hadde eg ønskt å halda fram som partileiar og tatt partiet i den retninga eg ønskte, seier Hareide.

– Partiet fekk ikkje gjennomslag for å endra paragraf 2c, som var eitt av kronargumenta for å velja blå side. Har enkelte KrF-medlemer grunn til å føla seg lurte i dag?

– KrF ønsker at ingen i vårt samfunn skal kjenna at dei har noko ved seg som kvalifiserer til abortgrunn. Det er eit standpunkt me som parti står ganske åleine om. Eg opplever at forhandlingsdelegasjonen har gjort det dei kunne for å få gjennomslag, men me må akseptera at me er eit parti på 4,2 prosent, seier Hareide.

Ber partiet respektera partiskiljet

Hareide tapte kampen om partiet sitt vegval med 98 mot 90 stemmer. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk åtvarar konstituert partileiar Olaug Bollestad og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad om å ta for lett på skiljet som ligg latent i partiet.

Også Hareide manar til å ta den utfordringa på alvor.

– Me må ha respekt for den politiske usemja som finst i KrF. Me treng meir KrF-politikk i samfunnet, men det må det vera rom og respekt for den usemja. Eg trur det vil vera avgjerande for at KrF skal lukkast i framtida, seier den avgåtte partileiaren.

Det som ikkje lukkast var retorikken til nestleiar Ropstad under NRK-programmet Debatten torsdag kveld.

I eit svar til Jonas Gahr Støre (Ap) uttala Ropstad følgande i den direktesende debatten:

«Viss du klarar å bera fram eitt barn, klarar du to også».

Trillingmor og ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen (Ap), blei mektig provosert og skreiv i eit Facebook-innlegg at Ropstad ikkje har skjønt abortdebatten.

– Klokt av Ropstad

Hareide er glad for at nestleiaren i dag har beklaga måten kommentaren fall på.

– Vi har alle som er politikere sagt noe dumt. Det tror jeg vi alle kan kjenne oss igjen i. KrF har peikt på at me ønsker at tvillingar høyrer saman. Men naturlegvis skal me vera medvitne kva språkbruk me brukar. Difor synest eg Ropstad gjorde klokt i å seia at orda han kom med var litt krøkkete.

Hareide sit på Stortinget i alle fall fram til 2021.

– Det er eit privilegium, og eg ser fram til å arbeida meir med det «normale» livet som stortingsrepresentant. Dessutan har eg vore partileiar i åtte år i ein fase der eg har vore småbarnspappa. Eg har ofte kjent på litt dårleg samvit for at eg ikkje har fått nok tid med dei eg er mest glad i.

Døra på gløtt

Hareide overtok vervet som parlamentarisk leiar etter Hans Olav Syversen i 2013.

No opnar Hareide for å halda fram.

– For meg har det ikkje vore naturleg å gå inn i ei regjering som eg i 2017 gjekk til val på å ikkje vera ein del av. No skal ein først landa på kven som skal gå inn i regjeringa. Det vil kunne ha betydning for vurderingar rundt vervet som parlamentarisk leiar. No er det også eit anna leiarskap i partiet, og det må eg respektera, seier Hareide.

Bømlobuen gjekk ut av politikken i 2007, men blei to år seinare valt inn att på Stortinget. To år seinare blei den dåverande kronprinsen valt til ny leiar.

Han utelukkar ikkje eit nytt comeback.

– Eg har lært at ein ikkje skal utelukka noko i norsk politikk.