Hopp til innhold

Hardingar gjer som Forrest Gump

Desse karane skal gå nesten 400 kilometer til fots og vitja sju kommunar i Hardanger på 13 dagar. På vegen håpar dei å plukke opp gode vener.

Hardangermarsjen

PÅ TUR: (Frå v.) John Olav Måge, AK Glück-Teigland, Bjørnar Fykse og Morten Laupsa-Borge skal gå Hardanger på kryss og tvers dei neste to vekene.

Foto: Hardanger åtgaum

Hugsar du filmen «Forrest Gump» frå 1994 der skodespelar Tom Hanks sprang gjennom heile USA og fekk hundrevis av springande følgjarar?

Forrest Gump Tom Hanks 1994

FORREST GUMP: I filmen frå 1994 fekk Tom Hanks hundrevis av løpande følgjarar på vegen.

Foto: Paramount Pictures

No er ein gjeng hardingar i gang med eit liknande konsept. Dei neste to vekene skal dei gå langs kommunegrensene til dei sju hardangerkommunane.

Ordførarar utfordra

– Fjella i seg sjølv inspirerer meir enn amerikanske spelefilmar. Linken er eigentleg litt tilfeldig, seier Arne Kristian Glück-Teigland til NRK.

Karane har utfordra ordførarar, lokale turlag, fotalag, sogelag og einskildpersonar til å vera med på dagsetappane.

– Både føter, sykkel og ski vert nytta for å gjennomføra denne marsjen som me ikkje har høyrt nokon har gjennomført før, seier dei.

Hardangermarsjen tidsplan

DAGSPLANEN: Marsjen er på 374 km og 15.900 høgdemeter.

Foto: Hardanger åtgaum

Overnattar på hytte

Ekspedisjonen starta måndag 3. august og første etappe gjekk frå Gravdal til Eikedalen, ei strekning på 46,8 kilometer. Målet er å nå Folgefonna skisenter 15. august.

– No er me komne til Eikedalen og har overnatta i Samnanger Røde Kors si hytte. I dag går turen over toppane langs grensa til Gullhorgabu, seier Glück-Teigland.

Me har lagt ut eit depot med cola og chips på demmo ved Sotabotnet. Det vert truleg dagens høgdepunkt!

AK Glück-Teigland, harding på tur

Han sit i turnemnda til gruppa som kallar seg «Hardanger åtgaum» saman med Odd Arne Botnen, Morten Laupsa-Borge, Arne Lunestad og Bjørnar Fykse.

Turlaget Hardangermarsjen

REKLAMERER FOR HARDANGER: Turnemnda med Hardangerfjorden i bakgrunnen. – med AK Glück-Teigland, Odd Arne Botnen, Morten Laupsa-Borge, Arne Lunestad og Bjørnar Fykse.

Foto: Hardanger åtgaum

Chipsdepot

– Kva er planen i dag?

– Me har lagt ut eit depot med cola og chips på demningen ved Sotabotnet. Det vert truleg dagens høgdepunkt! Me er tre personar som skal gå i dag, seier Glück-Teigland.

Tiltaket har som mål å vekke turgnisten i alle bygdene i Hardanger ved å gjennomføra ein alle tiders marsj langs beste moglege trasé langs kommunegrensene i regionen. Turen er om lag 400 km lang og alle dagsetappane har ulik vanskegrad.

Vitjar sju kommunar

SJU KOMMUNAR: Dei neste to vekene skal marsjen gå langs kommunegrensene til desse sju hardangerkommunane.

Foto: Hardanger åtgaum

Direkte på nett

Det ser ut til at dei fleste ordførarane sluttar seg til turfølgjet på Finse og vert med over fjellet til Halne.

– Me tek også med oss ei gåve frå alle kommunane, ei gåve som representerer og syner særpreget ved kvar kommune. Me donerer gåvene samla til Hardanger og Voss Museum etter turen. Eventuelt ønskjer me at det vert stilt ut på MF «Hardingen»!

Turen kan følgjast på «Hardanger åtgaum» sine FB-sider, eller live ved å trykkje på denne lenkja.