Hopp til innhold

Hardangermastene eit år forseinka

Kraftlinja mellom Sima og Samnanger vert ferdig eit år seinare enn planlagt.

Video Hardanger-linje sett fra helikopter

Kraftlinja i Hardanger skal gå frå Sima til Samnanger og skulle etter planen vera ferdig i løpet av 2012.

Håkon Borgen, konserndirektør i Statnett

Håkon Borgen, konserndirektør for nettutbygging i Statnett.

Foto: Tone Iversen / NRK

Det stadfestar Statnett i dag.

- Målet var å ferdigstilla kraftleidningen mellom Sima og Samnanger i løpet av 2012, men me ser no at me treng å bruka ein sommarsesong til for å å få ferdig anlegget, seier konserndirektør for nettutbygging, Håkon Borgen, til NRK.

Dermed vil ikkje kraftlinja i Hardanger vera ferdig før 2013.

Uavklart med kulturminne

Årsaka til forseinkinga er at Statnett ikkje har fått tilgang til heile traseen.

- Saksbehandlinga knytt til kulturminnelova har tatt lengre tid enn me trudde, fortel Borgen til NRK.

Hardangeraksjonen har fleire gonger prøvd å stoppa byggjinga av mastene. Borgen avkreftar at dette har ført til utsetjinga.

- Aksjonistane sin motstand har ikkje betydd noko, seier han.

Nytt håp for mastedemonstrantane

Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen vert svært glad når ho får høyra at bygginga av mastene vil ta eit år til.

- Det er veldig bra for oss, for det betyr jo at me har betre tid til å overtyda folk om at linja faktisk ikkje er nødvendig. Me har også vurdert å gå i retten, fordi me meiner vedtaket er gjort på feil grunnlag. Det vil me ha betre tid til å gjera no, seier Kvamme til NRK.

Ho fortel at dei vil oppretthalda motstandsleiren på Kvamskogen.

- No har eg fått eit nytt håp. Me har ikkje fått aksjonert så mykje sidan folk har vore på jobb og skule, men no er det jo sommar. Viss me får eit år ekstra i tillegg, så vil nok alt endra seg, trur ho.

(Saka held fram under biletet)

Synnøve Kvamme

Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen har fått eit nytt håp i kampen mot Hardangermastene etter nyheita om utsetjinga av bygginga. Her saman med dei såkalla 'monstermastene'.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

- Ikkje overraska

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes (V), er ikkje overraska over forseinkinga.

- Me har sagt til Statnett at det er viktig å ta omsyn til kulturminne, men dei har ikkje brydd seg om dette. Så dette er inga overrasking, seier ho til NRK.

Jan Ivar Rødland

Ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

For ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland, kjem nyheita heller ikkje som ei bombe.

- Det var litt ambisiøst å skulle verta ferdig i løpet av 2012. Dei har ikkje gjort jobben grundig nok. Det er særs viktig å ta omsyn til kulturminne, og det gjeld vel så mykje dei som skal byggja kraftlinjene, meiner han.

- Mastene kjem uansett

Granvinsordføraren har heile tida vore mot bygginga av mastene. Han ser ikkje noko positivt i utsetjinga.

- Om det er 2012 eller 2013, vil ikkje ha noko å seie. Me får ikkje stoppa linja uansett, seier han.