NRK Meny

HARDANGER SET MORELLREKORD:

Hardanger Fjordfrukt ser i år ut til å setja ny rekord i morelleveransar. Avisa Hordaland melder at fruktlageret i fjor leverte 120 tonn moreller til butikkar over heile landet. I år går det mot 180 tonn. I tillegg vil Ullensvang Fruktlager truleg levera 50 tonn moreller, ifølgje avisa. Årsaka til rekordtala er at det er planta meir moreller, men og at våren og sommaren har vore veldig lagleg for dei søte fruktene.

Modne morellar
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik