Hopp til innhold

Har ut månaden på å rydde opp

Adecco bryt framleis lova.

Odd Magne Utkilen

Rådmann i Askøy, Odd Magne Utkilen, seier kommunen har ein ryddig avtale med Adecco.

Foto: Anette Berentsen/NRK

Trass i at selskapet framleis bryt arbeidsmiljølova ved sjukeheimen på Kleppestø i Askøy, får selskapet halde fram drifta.

- Me har ein ryddig avtale med Adecco, seier rådmann Odd Magne Utkilen.

Les òg: Vil beholde Adecco, til tross for lovbrudd

Les òg: - Adecco må komme seg langt vekk

Alt om: Adecco braut arbeidsmiljølova

Askøy kommune utanfor Bergen er den einaste kommunen i landet som framleis har avtale om sjukeheimsdrift med vikarbyrået, som vart svartelista av det offentlige på grunn av alvorlege og regelmessige brot på arbeidsmiljølova.

Vil gje Adecco sjansen til å rydde opp

Adecco lova å rydde opp i juni, men 2 og ein halv månad seinare bryt Adecco framleis arbeidsmiljølova. Likevel er rådmann i Askøy Odd Magne Utkilen sikker på at selskapet skal klare å rydde opp.

- Me har ein grei og ryddig avtale med Adecco, og eg er trygg på at me skal kome godt ut av dette i det lange løp. Den prosessen dei er i gong med er god, og dei er i ferd med å klare å lukke avvika, seier Utkilen.

Får ut månaden til å rydde opp

Adecco har fått pålegg frå Arbeidstilsynet etter at det vart avdekka avvik ved sjukeheimen på Kleppestø, og betalar 3000 kroner i dagbøter til kommunen. Adecco har fått denne månaden til å rydde opp i avvika.

- Dei har fått frist ut månaden til å lukke dei avvika dei har jobba med, og fram til dei har rydda opp betalar dei 3000 kroner i bot til oss kvar dag, seier Utkilen.