Hopp til innhold

Har truleg funne drapsvåpenet

Dykkarar har i dag funne eit stikkvåpen som truleg tok livet av Trond Kristian Johannessen.

Dykkarar leitar etter kniven som drap Trond Kristian Johannessen.

Ein dykkar søker etter stikkvåpenet som drap Trond Kristian Johannessen på Laksevåg.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

To brødre blei pågripne for drapet på Trond Kristian Johannessen seint måndag kveld denne veka. Fredag kveld forklarte den eldste av dei to brødrene (35) at han sto bak drapet.

I avhøyra fredag kom 35-åringen med opplysingar om både åstad og eit stikkvåpen som skal ha blitt brukt då Johannessen blei drepen. 35-åringen forklarte at han kasta stikkvåpenet på sjøen på Laksevåg.

- Samsvarar med beskrivelsane av våpenet

- Det har blitt gjort eit funn nå i føremiddag, fortel politioverbetjent Bent Raknes til NRK Hordaland.

Funnet er gjort innafor den radiusen den drapssikta viste politiet under avhøyra, og samsvarar med dei beskrivelsane 35-åringen gjorde av våpenet.

Video Dykkarar fann stikkvåpen.mp4

Videoen viser dykkarane på leit etter stikkvåpenet på Laksevåg.

- Dykkarane har gjort eit såpass grundig søk at me nå veit at det ikkje er andre ting der, seier Raknes.

Raknes understrekar at ein ikkje kan vita 100% sikkert at det er det rette våpenet.

Kriminalteknikarane tek helg

35-åringen skal ha forklart at drapet har skjedd utafor Carl Konows gate 36, der brødrene blei filma saman med Johannessen like før han døydde. 35-åringen har vedgått å ha stukke Trond Kristian Johannessen med kniv, stikk som til slutt førte til at Johannessen mista livet.

Kriminalteknikarar har jobba i dette området heile helga, men dei får nå ta resten av søndagen fri, saman med etterforskarane som tok helg i går kveld.

- Er svært lei seg

Advokaten til 35-åringen som har tilstått drapet, Einar Råen, seier det har gått hardt innpå klienten hans at Johannessen døydde. Råen seier det er hensynet til seg sjølv og sin familie, og til avdøydde sin familie, som gjer at 35-åringen fredag tilsto å ha forårsaka Johannessen sin død.

Trond Kristian Johannessen

Trond Kristian Johannessen segna om på dette busstoppet etter å ha blitt knivstukken 25. juni i år.

Foto: NRK/politiet

- Han er svært lei seg for det som har skjedd, seier Råen.

- Seier han at han drepte Johannessen åleine?

- Av hensyn til politiet si vidare etterforsking så vil eg ikkje kommentera det, klienten min er inneforstått med at politiet nå vil etterprøva den forklaringa han har gjort, seier Råen.

Tok på seg ansvaret for drapet

Til politiet sa 35-åringen at han var den rette gjerningspersonen.

- Han har teke på seg ansvaret for det som skjedde der ute, noko meir kan eg ikkje seia. Det er trass alt ein til som er sikta i denne saka, svarar Raknes.

Den yngre broren (29) skal avhøyrast over helga.