Hopp til innhold

Har slått ned flammane

Røykdykkarar har slått ned flammane i kårhuset i Holmefjord. Ifølge politiet er det sju personar registert på adressa. – Men sidan dette er eit kårhus, er det grunn til å tru at ingen bur i huset, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund. Brannvesenet får støtte frå Samnanger, med ein brannbil med ekstra vatn.