NRK Meny
Normal

Har redda 10.000 moldovarar frå blindskap

BERGEN (NRK): Osingen Hans Bjørn Bakketeig er den einaste optikaren i heile Moldova. No kjem det film om han.

Mirakelet i Moldova

TROLLMANNEN FRÅ OS: Optikar Hans Bjørn Bakketeig har hjelpt tusenvis av menneske i Moldova med synet. – Vi ser at hjelpa nyttar, og eg er heldig som får vere med på dette.

Foto: Flimmer Film

– Då eg reiste til Moldova for 16 år sidan hadde eg som mål å hjelpe éin person til å få eit betre liv. Lite visste eg om at eg skulle bruke resten av mitt yrkesaktive liv der, seier Hans Bjørn Bakketeig.

Optikaren frå Os sit på Verftet i Bergen og ser ut over fjorden. Dette er ein av få månader i året han er heime. No har han akkurat vore på Bergen Internasjonale Filmfestival (Biff), der filmen om han sjølv har hatt verdspremiere.

«Mirakelet i Moldova» handlar nemleg om arbeidet Bakketeig har gjort for svaksynte barn i eit av Europas aller fattigaste land.

– Fyrste gong eg kom dit var det ingen optikarar der. Menneske som ikkje kan sjå i Moldova vert stempla som funksjonshemma, og det er vanskeleg å kome vidare.

Har hjelpt 10.000

Det var organisasjonen Hjelp Moldova som inviterte Bakketeig på besøk til landet fyste gong.

– Det var sjokkerande. På ein blindeskule møtte eg om lag 150 barn som ikkje fekk hjelp. Halvparten av desse trong berre enkle korreksjonar, som vanlege briller.

16 år seinare har Bakketeig og medarbeidarane hans hjelpt rundt 10.000 synshemma.

Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshei

SAMARBEIDSPARTNARAR: Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshei jobbar saman i Moldova. Ghidirimshei var den første i landet som tok doktorgrad om rehabilitering og integrering av synshemma, med Bakketeig som rettleiar.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

– No skal vi legge ned blindeskulen, og legge til rette for at barna skal ut i vanleg skule. Vi jobbar med at myndigheitene skal forstå at desse menneska er ein ressurs og ikkje ei belastning.

– Ei stor ære

Under Bakketeig si leiing har hjelpeorganisasjonen etablert eit nasjonalt kompetansesenter for synshemma. Leiaren ved senteret, Tatiana Ghidirimshei, jobbar tett saman med Bakketeig.

I den Biff-aktuelle filmen vert vi med dei to på reise rundt om i Moldova, med sjølvpålagt mandat om å gje innbyggarane synet tilbake.

– Dette er menneske som gjer meir enn å gi folk synet tilbake. Dei ser folk, og følger opp folk med heimebesøk, seier regissør Stian Indrevoll.

Sjå traileren til «Mirakelet i Moldova» her:

Hovudpersonen sjølv synest det er ei stor ære å få vere med i ein dokumentarfilm.

– Det er utruleg spanande. Eg håpar vi kan vise at det ikkje er alle som har det like godt som oss her i Noreg. Vi lever på ei grøn grein, seier Bakketeig.

16 nye optikarar

Framleis er Bakketeig den einaste optikaren i landet.

– Det er viktig for oss at arbeidet vårt skal vare ved. Difor har vi no eit prosjekt med å starte ei ny utdanning på medisinsk universitet, og har no 16 studentar som er begynt på optometriutdanning. Om fire år er vi altså 17 optikarar i landet, seier Bakketeig.

Han brukar mellom seks og sju månader av året i Moldova.

– Eg mister jo litt her heime, men samtidig ser vi at hjelpa nyttar. Eg er heldig som får vere med på dette.

Stian Indrevoll

STOLT: Regissør Stian Indrevoll har laga filmen om Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshei. Han skildrar dei som varme menneske som gjer meir enn å gi folk synet tilbake.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.