Hopp til innhold

Har fått over 30 tips etter overgrep mot skulejente

Etter at det vart kjent at ei jente i barneskulealder vart utsett for overgrep tysdag i nærleiken av Hjortlandsvegen i Bergen, så har politiet fått over 30 tips. Politiet er framleis utan gjennombrot i saka.

Trond Eide

YNSKJER TIPS: Politiadvokat seier det har kome inn over 30 tips etter at ei jente vart utsett for seksuelt overgrep tysdag. Politiet ynskjer fleire tips i saka.

Foto: Jarl Omestad / NRK

– Det vert jobba med saka, det har ikkje vore nok gjennombrot, men me brukar mykje ressursar, seier politiadvokat Trond Eide.

Ei jente i barneskulealder skal tysdag ettermiddag, mellom klokka 15.30 og 17.30, ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep like ved Hjortlandsvegen i Bergen.

– Me er enno i ein fase kvar me hentar inn opplysningar, og det skal jobbast med saka gjennom heile helga, seier Eide.

Politiet søkjer etter ein gjerningsmann med nordisk utsjånad. Han skal ha hatt to hundar i band.

Jenta er seks år gamal, hadde på seg ei rosa bomullsbukse, ein langarma genser med grå og ferskenfarga striper, rosa joggesko, og kvite og rosa labbar.

På ryggen hadde ho ein rosa og blå, blomstrete skulesekk.

Har fått inn over 30 tips

Hjortlandsvegen

I NÆRLEIKEN: Overgrepet skjedde tysdag mellom 15.30 og 17.30, like ved Hjortlandsvegen i Åsane i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Politiet har etterlyst to kvinner med raude jakker som jenta skal ha gått forbi før overgrepet skjedde, og politiet har fått fleire tips i saka.

– Frå i går til i dag har me fått inn over 30 tips, og det jobbast med å systematisere dei tipsa, seier Trond Eide.

Politiet skal ha fått inn tips om namngjevne personar, og sjekkar også opp personar i området som har utført liknande overgrep tidlegare.

Eide vil ikkje sei kor mange personar det er snakk om.

Kartlegg personar i området

Kart over ruta jenta skal ha gått

GJEKK DENNE RUTA: Politiet har gått ut med eit kart over ruta jenta skal ha gått tysdag, mellom 15.30 og 17.30.

Foto: Politiet

Politiet brukar ressursar på innhenting av elektroniske spor og utfører avhøyr av vitne. Politiet ynskjer framleis tips i saka.

– Me ber om tips, om namngitte personar og bevegelsar, og me ber om at folk som har vore i området melder seg uansett om dei har sett noko eller ikkje, seier Eide.

Personar som har vore i området Breimyra ungdomsskole, Hjortlandsvegen, på tysdag i tidsrommet 15.30 til 17.30 blir bedt om å melde seg.

– Me prøver å kartlegge kven som har vore i området og korleis dei har bevegd seg, for det kan hjelpe oss i ei oppklaring i saka, seier han.

Tar vare på barna

Flaktveit skole har etter at det overgrepet vart kjent oppfordra foreldre til å hente borna på skulen.

Flaktveit idrettslag støttar skulen, og seier at alle barn bør følgast til eller frå trening fram til gjerningsmannen er tatt.