NRK Meny
Normal

Har mista tilliten til ferja: – Vi planlegg dagane ut frå kva ferje som er sett opp

KROKEIDE (NRK): Den eine ferja mellom Austevoll og Bergen har kansellert nesten halvparten av alle turane i år.

Ferja mellom Austevoll og Krokeide

TRØBLETE: I ferjesambandet Hufthamar – Krokeide har B-ferja berre gjennomført 408 av 748 planlagde turar så langt i år. Her er A-ferja, «MF Trondheim»

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Vi må planlegge turane våre etter A-ferja, fordi den andre er så ustabil. Skal ein til ei undersøking, jobbintervju, flyreise eller noko anna viktig tek ein ikkje sjansen på å reise med B-ferja, seier Rakel Bjånesøy.

Ho står på ferjekaien på Krokeide og håper ferja som skal ta ho heim til Austevoll skal gå etter ruta i dag.

Det har den nemleg ikkje alltid gjort dei siste månadane.

Nye tal viser at B-ferja i sambandet Hufhamar – Krokeide, «MF Marstein», berre har gjennomført 54 prosent av dei planlagde turane så langt i år.

– Det er trasig, spesielt for dei som pendlar og pasientar som fleire gongar i veka skal til Bergen for behandling, seier Bjånesøy.

340 kansellerte turar

– Det er heilt krise, seier Frode Vågen.

Austevollingen er avhengig av å krysse fjorden med ferja for å kome seg til jobb kvar dag.

Frode Vågen

PENDLAR: Frode Vågen er må over fjorden for å kome seg på jobb.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Eg står mykje på ferjekaien og ventar, og kjem for seint på jobb eller for seint heim igjen. I dei verste høva har eg stått i fleire timar og venta.

Av 748 planlagde turar for «MF Marstein», har 340 vorte kansellert.

– Det er tragisk òg for næringslivet. Der er sju trailerar med laks som går ut frå Austevoll kvar dag. Laksen tapar seg for kvar time dei står i kø, seier austevollingen Per Kåre Hansen.

Historisk dårlege tal

FosenNamsos Sjø, som driftar ferjestrekninga, forklarar tala med mangel på reserveferjer og fleire uventa hendingar.

– «MF Marstein» er reserveferje for fire ferjer. Grunnstøytingar og verkstadopphald gjer at vi har måtte bruke «Marstein» i andre samband fleire gongar i år, seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås.

Stabilitet for ferjene mellom Austevoll og Krokeide

2012

2013

2014

2015

2016

pr. mai 2017

Hufhamar - Krokeide hovedferje

99,1%

99,9%

98,1%

99,7%

99,8%

99,6%

Hufhamar - Krokeide ferje 2

94,0%

99,0%

99,9%

98,6%

92,5%

54,6%

– Vi forstår at situasjonen skapar frustrasjon for dei reisande til og frå Austevoll, og det beklagar vi.

Tennås bekreftar at tala for B-ferja i sambandet er historisk dårlege.

Grete Fuglem Tennås

BEKLAGAR: Administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås, seier dei tar ansvar for situasjonen i ferjesambandet.

Foto: FosenNamsos Sjø

– Vi har ikkje hatt i nærleiken av slike tal tidlegare. I år har vi måtte teke B-ferja ut oftare enn det som er lov ifølge kontrakten vår med Skyss, og dette vert vi bøtelagd for.

Fjord1 tek over

Målfrid Vik Sønstadbø i Skyss seier sambandet utmerker seg negativt, sett i samanheng med resten av ferjetilbodet i Hordaland.

– Mange samband har gjennomført mellom 99,5 og 100 prosent av dei planlagde turane. Dessverre har vi hatt ein del utfordringar knytt til B-ferja i sambandet Krokeide – Hufhamar, både historisk og spesielt i 2017.

Tennås lovar at situasjonen vil verte betre framover.

– No er alle ferjene våre i drift, og det er ikkje planlagd verkstadopphald resten av året. Det betyr at vi forventar at begge ferjene skal gå, med mindre det oppstår noko uventa.

Frå 1. januar 2018 tek Fjord 1 over sambandet.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.