NRK Meny
Normal

Har meldt nok ein tilsett til politiet

Ei intern arbeidsgruppe i Bergen kommune har avdekka uforklara økonomiske forhold i underslagssaka. No er ein ny tilsett i kommunen meldt til politiet.

Bergen Rådhus
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Robert Rastad

Kommunaldirektør Robert Rastad

Foto: Anders Ekanger / NRK

Kommunen har sett ned ei intern arbeidsgruppe som har undersøkt pengestraumar og forhold i saka der ein mellomleiar i Bergen kommune er sikta for grovt underslag.

– I den anledning er det avdekka nye og uforklarte økonomiske forhold som har gjeve oss mistanke om at ein anna av våre tilsette kan ha medverka til forhold som er under etterforsking, seier kommunaldirektør Robert Rastad i ei pressemelding frå kommunen.

Underslo for millionar

Det var 24. oktober i år at mellomleiaren vart avslørt etter ein internkontroll. Mannen la alle korta på bordet. Underslaga skal ha pågått i ein periode på kring 10 år, og det skal vera snakk om summar opp til seks millionar kroner.

No har Bergen kommune meldt nok ein tilsett til politiet.

– Vedkommande sitt namn dukka opp i litt ulike samanhengar i forbindelse med arbeidet vårt. Vi har konfrontert personen med det vi har funne ut og bedt om ei forklaring. Den forklaringa vi har fått er vi ikkje nøgd med og har difor overlate saka til politiet slik at dei kan etterforske forholdet, seier Rastad til NRK.

– Nulltoleranse

Han opplyser at personen vart konfrontert med opplysninga for ei veke sida. Rastad seier kommunen har nulltoleranse i slike saker og at det er difor dei har meldt forholdet til politiet. Dei vurderar også å suspendera den tilsette frå stillinga si.

– Kva relasjon er det mellom dei to tilsette?

– Dette er to personar som har vore arbeidskollegaer i lang tid, svarar Rastad,

– Er det sendt pengar mellom dei?

– Det vil eg ikkje kommentera, all den tid saka no er meldt til politiet. Det er politiet som vel kva informasjon dei vil gå ut med.

– Han var åleine

Advokat Kai Inge Gavle

Advokat Kai Inge Gavle

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Kai Inge Gavle forsvarar mellomleiaren som vart sikta tidlegare i haust og som har erkjent underslaga. Han seier at hans klient er overraska over at nok ein tilsett er meldt til politiet i saka.

– Min klient ber meg om å presisere på det sterkaste at han har gjennomført underslaga åleine. Det er ingen andre som medverka til dette eller hatt kjennskap til det, seier Gavle til NRK.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik