Har leita vidare med dykkarar i natt

Det er ein ny dag i det vesle øysamfunnet som vart vitne til den verste ulukka i norsk oljeindustri på fleire tiår. I dag held søka i området fram.

Turøy kystvaktskip

Søket på land vart avslutta klokka 23 i går kveld, men dykkarar frå forsvaret har søkt i området i heile natt. Leitinga til sjøs og på land vil bli tatt opp att i løpet av morgontimane.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

13 personar omkom i helikopterstyrten på vestsida av Turøy i går.

Politier seier på ein pressekonferanse i dag at dei ikkje veit kor mange av dei omkomen dei har funne, og at identifiseringsarbeidet er svært vanskeleg.

Mannskap frå forsvaret har gjennomført dykk i natt, men det er så langt ikkje kjent om dei har gjort funn eller observasjonar.

I dag vil leitemannskap halda fram med søka, både på land og til sjøs.

Delar av helikoptervraket vart heva i går kveld, men sjølve helikopterkroppen ligg framleis under vatn, på seks til sju meters djup.

To representantar frå havarikommisjonen held no på med undersøkingar på staden.

Avsperra

Vrakrestane er spreidd over eit stort område, og arbeidet der ute vil sannsynlegvis strekka seg over fleire dagar.

Heile Turøy er framleis avsperra.

– Det vil bli organisert leiting i dag, men tidspunkt for oppstart er ikkje heilt avklart endå, seier Ove Samsonsen i Vest politidistrikt til NRK klokka 06.30 i dag.

ID-gruppa til Kripos er på plass for å assistera det lokale politiet.

Ny oppdatering frå politiet

Politiet vil komma med ei ny oppdatering klokka 9 i dag. Statoil kjem også ut med meir informasjon i løpet av morgontimane.

Den svarte boksen som var i helikopteret vart funnen i går, og vil bli sendt til England i dag.

– Saman med lydspora kan den tekniske informasjonen gje oss veldig viktig informasjon for havarikommisjonen sitt vidare arbeid, seier Kåre Halvorsen, avdelingsdirektør for luftfart i Statens Havarikommisjon.

Frå sju ulike selskap

Det blei i går kjent kva selskap dei som omkom i helikopterstyrten ved Turøy var tilsette i. Dette er oversikta:

2 frå CHC Helikopter Service
4 frå Halliburton
3 frå Aker Solutions
1 frå Karsten Moholt (innleigd for Aker Solutions)
1 frå Statoil
1 frå Schlumberger
1 frå Welltec

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.