Hopp til innhold

Har kutta nesten 30 millionar kroner i tilbodet til utviklingshemma

BERGEN (NRK): Nye tal viser at det er gjennomført kutt på 28,5 millionar kroner i bufellesskap. – Tenestene til utviklingshemma blir likevel styrka, seier byråden.

Elin Leegaard Marøy

– ABSOLUTT IKKJE BRA: I ti år har Elin Leegaard Marøy blitt sprekare og hatt det sosialt på treningssenter to gonger i veka. No er det slutt fordi bufellesskapet har nedbemanna.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dei har tatt frå meg treningstilbodet. Det vart nedskjering og færre folk på jobb. Det er absolutt ikkje bra.

Tidlegare denne månaden fortalde NRK om Elin Leegaard Marøy, som no har mista tilbodet ho har hatt i nesten ti år, med to kveldar på treningssenter i veka. Ho er hjarteoperert, har Downs syndrom, og var tidlegare overvektig.

NRK har no fått oversikt over kor mykje bufellesskapa i Bergen totalt har måtta kutta i år.

Talet er på 28,5 millionar kroner.

Svarar til 38 årsverk

– Omgjort til årsverk handlar det om 38, seier helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF).

– Er det altså kutta 38 årsverk?

– Det blir litt upresist, men dette handlar først og fremst om stillingar.

Cathrine B. Risan

OMORGANISERING: – Med færre folk på jobb kan me ikkje lenger yta tenester utover dei lovpålagde tenestene, seier resultateiningsleiar for bufellesskapa i Ytrebygda bydel, Cathrine B. Risan.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I budsjettet for 2017 var målet å effektivisera 22 millionar gjennom prosjektet «Smart omsorg». I tillegg skulle eit overforbruk på 15 millionar fjernast, til saman innsparingar på 37 millionar kroner.

Etter reduksjonane på 28,5 millionar står altså 8,5 millionar kroner av desse att.

– Slik er det fordi nokre brukarar har fått endra behov, seier byråden.

Eit døme på «endra behov» er at ein person treng fleire tilsette rundt seg.

– Nedskjering rammar mange

Gåskjenn seier dei aller fleste av dei nesten 90 bufellesskapa i Bergen har fått ein reduksjon eller uendra situasjon. Ti bufellesskap har fått styrka bemanning.

– Nedskjeringane rammar mange. Derfor er me ekstra uroa over utviklinga i Bergen, har Unni Leegard, mor til Elin Leegaard Marøy, sagt tidlegare.

Helsebyråden seier tenestene for psykisk utviklingshemma likevel blir styrka, sjølv om mange bufellesskap nedbemannar. Ho peikar på at eit nytt bufellesskap og to private butiltak og andre delar av tenestene får 20 millionar kroner i friske midlar i år.

– Me skal byggja og bemanna eitt nytt bufellesskap i året, til ventelistene er borte. Vi skal gi alle dagsenterplass innan to år, og gir no 1000 fleire avlastingsdøgn for pårørande.

Ho viser til at Elin Leegard Marøy som mista treningstilbodet no har fått dagsenterplass, og seier byrådet ønsker å også tilby ikkje-lovpålagde tenester som bading, ernæringskurs og trening.

Helsebyråd i Bergen (2017) Vigdis Anita Gåskjenn (KRF)

EFFEKTIVISERER: – Me strekkjer midlane betre innanfor eksisterande tiltak for at flest mogleg får gode tenester, seier helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Færre folk, betre tenester

Men ho meiner effektivisering er naudsynt.

– Til dømes kan nattevakter ta morgonstellet før dei går heim, og så treng ein kanskje ikkje å fylla på med den ressursen utover dagen. Det er eit døme på korleis me strekkjer midlane betre innanfor eksisterande tiltak for at flest mogleg får betre tenester.

– Betre tenester sjølv om det blir færre på jobb?

– Det trur eg faktisk er mogleg. Ikkje fordi det blir færre på jobb, men fordi det å løysa oppgåver endå betre tilpassa kvar enkelt brukar kan gi betre tenester.

Les fleire saker frå NRK om temaet: