Hopp til innhold

Ekspressbussen kom over i feil køyrefelt på E16

Vogntogsjåføren prøvde å svinge unna, men klarte ikkje unngå frontkollisjonen på E16 i haust. Politiet er ferdig med etterforskinga av ulukka der ein bussjåfør (62) omkom.

Buss mot vogntog på E16

ULUKKESÅRSAKA KLAR: Politiet har konkludert med at det var ekspressbussen som kom over i feil køyrefelt på E16 i haust. Bussjåføren (62) omkom.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det var måndag 16. oktober 2017 at ein ekspressbuss frå Nettbuss, på veg frå Sogndal til Bergen, frontkolliderte med ein lastebil på E16 i Voss kommune.

Dei to tunge køyretøya trefte kvarandre i den austre opninga av Nakkagjelstunnelen. Bussjåføren, ein 62 år gamal mann, mista livet i ulukka.

Politiet har no konkludert med at førarfeil var årsaka til ulukka.

– Bussen har kome over i feil køyrefelt. Kvifor det har skjedd, veit vi ikkje, seier politiførstebetjent Per Gunnar Thrane ved Voss lensmannskontor.

Prøvde å svinge unna

Det var 18 passasjerar om bord i ekspressbussen frå Nettbuss. Fem personar vart lettare skadd.

Både passasjerar på bussen og sjåføren av vogntoget er avhøyrt i etterforskinga av ulukka.

Ulukka skjedde i ein sving mellom to tunnelar som kjem tett etter kvarandre på E16 mellom Bergen og Voss. Her går E16 over ei lita elv og vegen har rekkverk på begge sider.

Til politiet har sjåføren av vogntoget forklart at bussen som kom mot han var i feil køyrefelt.

– Han prøvde å komme seg så langt ut på si side som han kunne, men på grunn av rekkverket klarte han ikkje å unngå kollisjonen, seier Thrane.

Sjåføren av vogntoget fekk førarkortet tilbake rett etter ulukka og er tilbake i arbeid.

Ulykke på E16, lastebil og buss

REKKVERK: Vogntoget mista styringa etter den kraftige smellen. Køyretøyet stogga tilslutt i rekkverket på den andre sida av køyrebana.

Foto: Marita Hamre / Avisa Hordaland

Havarikommisjonen granskar

Vegvesenet har undersøkt begge køyretøya utan å finna tekniske feil eller manglar. Det har heller ikkje vore brot på køyre- og kviletida hjå nokre av dei.

Statens havarikommisjon for transport granskar ulukka og vil i den forbindelse også analysere vegforholda på E16 der ulukka skjedde.

Etter kollisjonen mista vogntoget styremoglegheitene og enda opp i rekkverket på motsett side. Ekspressbussen stogga inntil fjellveggen nokre meter inne i Nakkagjelstunnelen.

Nettbuss har i tida etter ulukka hatt løpande kontakt med kollegaer og familien til bussjåføren.

62-åringen hadde jobba for selskapet i ei årrekke og Nettbuss arrangerte samling på kontoret i Sogndal same kveld som ulukka skjedde.

– Vi tar ulukkesårsaka til etterretning. Så må vi gå gjennom ulukkesrapportane når dei kjem og sjå korleis vi skal gå vidare med dette framover, seier marknadssjef Svein-Arne Vik til NRK.