Hopp til innhold

Politiet kallar folk tilbake frå ferie

– Vi har ikkje fått konkret informasjon om kva trugslane dreiar seg om, men dei er så alvorlege at vi også her i Hordaland kallar ut ekstra styrker, seier politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen.

Politimester Geir Gudmunden i Hordaland politidistrikt.

VIDEO: Utover dagen vil politiet organisere seg og sørge for at dei er best mogleg førebudd på uønskte hendingar i Hordaland, seier politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen.

– Vi vart informert i natt og begynte allereie då å setje i verk tiltak. Vi har jobba med tiltaka gjennom heile natta og utover formiddagen, seier Gudmundsen.

– Kva informasjon fekk dykk?

– Vi fekk informasjon om at det var grunn til at politiet måtte heve beredskapen sin i heile Noreg, Hordaland og her i Bergen, seier Gudmundsen.

Hordaland politidistrikt har sett i verk dei operative tiltak som er pålagt frå POD i samsvar til planverket. Folk vil merke fleire politifolk ute, også sivil politi.

– Det vil vere nærvær på trafikale knutepunkt som flyplass, tog- og busstasjon med meir. På bakgrunn av den informasjonen politiet i Hordaland no har er det ikkje grunnlag for å gå ut med anbefalingar om spesielle forholdsreglar for folk flest, seier Gudmundsen.

Fortløpande vurderingar

Det bli gjort fortløpande vurderingar om det skal gjerast endringar i Tall Ships Races arrangementet.

– Vi har eit særleg tett samarbeid med festivalen og vi gjer vurderingar fortløpande om samarbeidet med Forsvaret og med omsyn til beredskap på Statoil Mongstad.

Gudmundsen vil ikkje gje detaljert informasjon om kva informasjon dei har fått frå Oslo.

– Det er vanskeleg å sei om Bergen er spesielt utsett på grunn av Tall Ships Races, seier politimeisteren.

Hordaland politidistrikt har allereie kalla tilbake mannskap frå ferie.

– Utover dagen vil vi organisere oss og sørge for at vi er best mogleg førebudd på uønskte hendingar i Hordaland. Både dag og natt, seier Gudmundsen.

– Viktig å ikkje føle frykt

Politimeisteren legg til at han håpar folk flest gjer som dei har planlagd under Tall Ships races.

– Det er viktig at folk gjer som dei ville gjort elles. Eg håpar ikkje folk er redde for å delta under arrangementet. Eg kjem til å delta sjølv, seier han.

– No må ikkje folk gå rundt å føle frykt, det er viktig, seier Gudmundsen.

Planar om terror

– Vi er no i ein situasjon der det er ein konkret trugsel mot Noreg. Det blir gjort tiltak for å møta det trugsmålet, informerte Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) på ein pressekonferanse saman med politiet og Politiet si tryggingsteneste (PST) torsdag føremiddag.

Etter det PST kjenner til er aksjonen planlagt gjennomført om kort tid.

– Det dreier seg truleg om dagar, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland.

  • Uvisst kven som står bak eller kva/kven åtaket er retta mot
  • Ber borgarar vera på vakt
  • Åtvarar mot å fordømma einskilde grupper i samfunnet
  • Væpna politi vaktar grenseovergangar, flyplassar, togstasjonar
  • Regjeringa har sett stab
  • Må ikkje bli eit offer for frykta

Fungerende politidirektør Vidar Refvik informerer om økt politinærvær med bevæpnede styrker etter at PST har fått melding om en konkret mulig terrortrussel mot Norge.