Hopp til innhold

Har ikkje tapt sidan 2002

Forgjengaren tapte aldri ein 16. mai-kamp som Brann-trenar. Kan Steinar Nilsen forsvara statistikken?

Steinar Nilsen
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I mange år var 16. mai og fullsette tribunar eit aldri så lite spøkelse for Brann.

Etter 1-2 mot Skeid (1996), 1-2 mot Lillestrøm (1997), 1-4 mot Viking (1998), 0-1 mot Molde (1999) og 1-2 mot Bryne (2002) var det ikkje alltid like greit å vera Brann-spelar på bergensk brustein 17. mai.

Men det var før Mons Ivar Mjelde vart trenar i Brann. Ostringen tapte aldri dagen før dagen som trenar.

6 sesongar utan tap

På seks sesongar vart fasiten fem sigrar og ein uavgjort.

Den kanskje mest minnerike var nedsablinga av Lillestrøm i 2006. Den gongen sende Uwe Rösler romerikingane rett i trening etter heimkomsten til Åråsen natt til 17. mai.

Mons Ivar Mjelde

TAPTE ALDRI: Mons Ivar Mjelde sørga for god stemning i 17. mai-toget i Bergen, alle åra han var Brann-trenar.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sugen på revansje

Etter å ha vorte audmjuka i av Odd Grenland i Skien for ei veke sidan er Steinar Nilsen revansjesugen.

- Me treng å vera konsentrera oss og ta oss saman etter kampen mot Odd, det er viktig med tre poeng no, seier tromsøværingen.
Han ser fram til å møta eit fullsett stadion.

- Me gler oss voldsomt, og håpar sjølvsagt at festen varer heilt til dagen etter, og at Bergen skal vera i fyr og flamme på den syttande, seier Nilsen.

Og han er ikkje engsteleg for mottakinga i Hovedprossesjonen dersom Brann skulle gå på ein smell mot sørlendingane i ettermiddag.

- Me gler oss til både 16. og 17. uansett!

- Ingen myte

Erik Huseklepp har også til gode å tapa på 16. mai. Men lysluggen hugsar perioden då 16. mai nærmast var einstydane med tap og bergensarar som sette festen i halsen.

- Eg hugsar ein del stygge tap frå tribunen ja, men me kan jo ikkje fokusera på dei triste minnene i dag. Eg har jo framleis til gode å tapa på 16. mai som spelar, driblefanten frå Sandsli.

Og Huseklepp avkreftar at det er ein myte at det er noko spesielt med dagen før nasjonaldagen.

- Publikum er feststemte, og stemningen er alltid stor. Det er utruleg gøy å spela på stadion på 16. mai.