Fellesrådet må difor låna pengar frå fond, sjølv om dette er i strid med regelverket.
Dei 30 000 kronene skal gå til å finansiere besøket til kyrkjelydar, skuler, bedehus, politikarar med meir. Pengane skal dekke både mat, transport, møtegodtgjersle.
Biskop Ole D. Hagesæter
Biskopen kjem uansett
Kirkeverge Helge Kolstad garanterer likevel at besøket av biskop Ole D. Hagesæter skal gå som planlagd.
- Kommunen har ikkje øyremerka midlar til dette, men me skal få det til. Det viktige her er jo inspirasjonen som biskopen skal gje oss, meiner Kolstad.
Problem i heile landet
Det er ikkje berre på Osterøy at fellesrådet slit med økonomien.
- Fellesråda rundt omkring har fått nedskjæringar i direkteoverføringane frå staten. Det står vanskeleg til med økonomien her, fortel Kolstad.