Hopp til innhold

Har ikkje pengar til å behalde trenaren til gullgutane

Fana idrettslag har fått tre OL-vinnarar med Jeremy Wotherspoon i klubben. Men snart er det tomt for pengar til å lønne den gamle verdsstjerna.

Håvard Holmefjord Lorentzen og trener Jeremy Lee Wotherspoon

SUKSESSDUO: Håvard Holmefjord Lorentzen vann 500 meter i Gangneung Oval. Trenar Jeremy Lee Wotherspoon (t.h.) gratulerte etter løpet.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg håpar det fantastiske resultatet av gullgutane vår under OL i Pyeongchang kan gjere at vi forhåpentleg får inn litt sponsorinntekter i framtida, seier leiar for skøytegruppa i Fana idrettslag, Sigbjørn Rabbe.

Fana idrettslag har dyrka fram ein gjeng med skøytestjerner. Klubben står med to gull og ein bronse i OL i Korea.

Håvard Holmefjord Lorentzen, Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen kjem alle frå klubben på Nesttun i Bergen.

Med seg har dei hatt kanadiske Jeremy Wotherspoon som sprinttrenar sidan 2016. Han dominerte skøytesprinten frå 1998 til 2004 og har 15 verdsrekordar.

Men no kan det hende at idrettslaget ikkje får behalda sprinttrenaren. Dei har nemleg ikkje pengar til det.

Tomt i mai

– Det er tøft for oss. Vi har finansiert Wotherspoon med ein tredjedel av lønna hans i to år, men vi har ikkje pengar meir enn fram til mai. For å halda lønna hans etterpå, må vi få inn sponsormidlar for å klare å halda på han, seier Rabbe.

Sigbjørn Rabbe

– TØFT: – Vi har finansiert Wotherspoon med ein tredjedel av lønna hans i to år, men vi har ikkje pengar meir enn fram til mai, seier Sigbjørn Rabbe.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Wotherspoon har hatt avtale med Norges Skøyteforbund om å vere trenar og trenarutviklar. Ein tredel av tida har han jobba for Fana IL.

Idrettslaget ville verkeleg satse på å få gode løparar til OL, og det var difor viktig å ha Wotherspoon. Dei olympiske leikane viser at dei verkeleg har lukkast med det.

– Desse fantastiske prestasjonane er merkevarebygging for Vestlandet og skøytesporten. Det er gull verdt å sponse desse gutane, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun, som tidlegare har vore i styret til Fana IL i sju år.

Pyeongchang Olympics Speed Skating Men

TO FRÅ FANA: I arbeidet i Fana IL har Wotherspoon følgd to av fire på gullaget i lagtempo; Sindre Henriksen (nummer to frå venstre) og Sverre Lunde Pedersen (til høgre). Håvard Bøkko (til venstre) og Simen Spieler Nilsen er også på laget.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Frir til næringslivet

Ho meiner sponsorane og næringslivet no må nytte høvet og stille opp.

– Det er mykje som peikar oppover no, og eg trur idrettslaget vil klare å få det til, seier Hestetun.

Framleis er det usikkert om trenaren vil halde fram.

– Han vil nok ikkje seie så mykje før etter OL, men eg trur nok Jeremy synest dette gode resultatet var veldig kjekt. Han hadde 15 verdsrekordar sjølv, men klarte ikkje å ta eit OL-gull, så no trur eg han vil vere med vidare, seier Rabbe.

Fredag dag går 1000-meteren, der Håvard Lorentzen frå Fana IL har store sjansar til å ta sitt andre OL-gull.