NRK Meny
Normal

Har ikkje oversikt over utslepp frå smoltanlegg

– Smoltanlegg er den einaste forureinande industrien som ikkje har automatisk rapportering av alle miljøundersøkingar, seier fylkesmannen. No blir kontrollane skjerpa.

Små, gamle smoltanlegg reinsar ikkje utsleppa sine. Jeger og Fiskerforbundet krev strengare utsleppsløyve.

KRITISK: Fylkesmannen i Hordaland meiner smoltanlegg unnlét å rapportere inn miljøundersøkingar. Norges jeger- og fiskerforbund reagerer på denne videoen frå smoltanlegget i Alvøen i Bergen.

Seniorrådgjevar Tom N. Pedersen hos fylkesmannen i Hordaland har åleine jobben med å kontrollere utsleppsrapportane frå dei over 200 oppdrettsanlegga i fylket.

– Eg rekk ikkje over alt, seier Pedersen.

Han skulle særleg ønskt seg betre oversikt over dei 45 smoltanlegga i fylket. Mangelen på det, handlar ikkje berre om menneskelege ressursar.

– Alle industriverksemder skal rapportere slike utslepp. Når det gjeld settefisknæringa, har ikkje systemet verka som det skal. Mange følgjer ikkje vilkåra i utsleppsløyvet, seier Pedersen til NRK.

Pedersen seier han sjeldan får inn miljørapportar, som desse anlegga er pålagde å sende inn. Førre månad oppdaga han at det utanfor eit anlegg i Alvøen i Bergen ikkje er gjort ei skikkeleg miljøundersøking på 20 år.

LES MEIR: Denne driten vil ikkje fiskarane ha noko av

Tom N. Pedersen hjå Fylkesmannen si miljøvernavdeling i Hordaland

MISNØGD: Tom N. Pedersen hos Fylkesmannen i Hordaland seier rapporteringssystemet ikkje fungerer.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK

– Høyrest merkeleg ut

Bransjeorganisasjonen for settefiskanlegga kjenner seg ikkje att i påstandane.

– Dette høyrest merkeleg ut. Dette vert rutinemessig rapportert elektronisk inn til den offentlege portalen Altinn, seier kommunikasjonssjef Are Kvistad i Sjømat Norge.

Miljøvernsjef Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen i Hordaland stadfestar Pedersens utsegn om at svært få miljørapportar frå settefiskanlegg hamnar i det automatiske systemet.

– Vi har etterlyst rapportane i nokre tilfelle, men har kapasitetsproblem med å klare å følgje opp sakene, seier Pedersen.

No varslar fylkesmannen ein større satsing på kontroll av settefiskanlegga.

– Desse får eit særleg fokus i 2016, seier miljøvernsjef Kvingedal.

Are Kvistad

USAMD: Are Kvistad i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge meiner rapporteringssystemet fungerer.

Foto: Sjømat Norge

– Kunne brukt meir ressursar

Han understrekar at dei i tillegg til utsleppskontrollen har fleire tilsette som fører tilsyn.

– Sjølvsagt kunne vi sikkert brukt meir ressursar på utsleppskontroll. Men sjølv om vi berre har éin saksbehandlar som handsamar utsleppssøknadar frå oppdrettsnæringa, har vi mange som arbeider med tilsyn av anlegga, seier Kvingedal.

LES OGSÅ: Her får smoltanlegg slippe ut 69 tonn forurensning

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo