Har ikkje abort-oversikt

Norske styremakter veit ikkje kor mange gravide som tar sjølvbestemt abort fordi fosteret har misdanningar.

Norske styremakter veit verken kor mange som får påvist ein risiko, eller kor mange som tar sjølvbestemt abort på grunn av at fosteret har til dømes Downs syndrom.

Professor Torvid Kiserud ved Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus seier talet vil bli veldig høgt dersom Norge gjer som nabolandet Danmark, der alle gravide får ta ultralyd og blodprøve tidleg i svangerskapet.

- Viss alle gravide får ein slik test, vil det bli ein drastisk nedgang i talet på barn med Downs syndrom som blir født, seier han.

Kiserud seier det er fullt mogleg å få påvist risiko for til dømes Downs syndrom før 13. svangerskapsveke.

NRK har tidlegare vist at abortnemndene stadig oftare innvilger abort på grunn av Downs syndrom etter 13. svangerskapsveke.

Men Folkehelseinstituttet veit ingenting om årsakene til det store fleirtalet av abortar som skjer før fristen for sjølvbestemt abort går ut.

Det nærmaste me kjem, er i sosial- og helsedirektoratet.

- Vi har data på kor mange som får fosterdiagnostikk på grunn av mistanke om misdanningar, seier seniorrådgjevar Anne Forus.

Direktoratet meiner likevel statistikken er for unøyaktig til å offentleggjera kor mange kvinner som får påvist risiko for misdanningar på fosteret i perioden for sjølbestemt abort.

- Det er veldig vanskelig å seia noko om, for me har ikkje nøyaktige tal som viser dette spesielt, seier Forus.