NRK Meny
Normal

No er det kø på omkøyringsvegen

Det har hopa seg opp fylkesveg 7 i Hardanger. – Det er veldig mykje trafikk der inne, seier Vegtrafikksentralen.

Ras på E16

STORT RAS: Dette raset har stengt E16 mellom Bulken og Voss sidan torsdag.

Foto: Mette Anthun / NRK

Fylkesvegen om Hardanger er omkøyringsvegen for E16 som før helga vart stengt på grunn ras mellom Bulken og Voss. Ein kommunal veg over europavegen rasa ut og skadane var så omfattande at Vegvesenet tidleg var ute å varsla stenging i fleire dagar.

Lokal omkøyring er fylkesveg 311 på sørsida av Vangsvatnet, medan tungtrafikken vart sende om fylkesveg 7 i Hardanger.

Kork i Øystese

Men på grunn av vegstandarden på sørsida av Vangsvatnet har Vegtrafikksentralen oppmoda alt av gjennomgangstrafikk til å køyra om Hardanger i staden.

Det har altså ført til opphoping på dei smalaste delane av fylkesvegen. Spesielt ille er det i Øystese.

– Det er veldig mykje trafikk der inne. Og det er mykje tungtrafikk som gjer at det går litt i rykk og napp, fortel trafikkoperatør Randi Stohlberg.

Telefonane hjå Vegtrafikksentralen byrja å ringe i 17.50 tida.

På veg for å dirigera

Entreprenør er varsla og er på veg for å dirigere trafikken gjennom Øystese og Laupsa.

– Dei var allereie inne i Granvin for å dirigera, fordi det var nokre køar der før i dag. No er dei nok straks på plass i Øystese også.

Ho håpar det skal ordne seg utover kvelden.

– Men no har vi jo anbefala fylkesveg 7, så det spørst kanskje. På grunn av standarden på sørsida av Vangsvatnet har vi jo vore forsiktige med å anbefala den vegen.

Onsdag opnar E16 igjen for manuell dirigering.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017