Hopp til innhold

Har granska Frp sitt prestisjesenter: – Ikkje systematiske brot på helselovgivinga

Tilsette ved omsorgssenteret i Os varsla om pasientar som døydde aleine på rommet, kalde middagar og feilmedisinering. Granskingsrapporten slår fast at bemanningen må aukast.

Luranetunet Frp valgkampåpning

VALKAMPOPNING: Dei eldre på Luranetunet vart 10. august samla for å sjå og høyre på Terje Søviknes, Siv Jensen og Kjell Elvis.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Det var i sommar at Klassekampen melde om tilsette som hadde varsla om kritikkverdige tilhøve ved Luranetunet bu og behandlingssenter i Os kommune.

Kommunen, der Terje Søviknes mista ordførarmakta etter 18 år i kommunevalet i haust, har i mange år vore eit viktig utstillingsvindauge for Framstegspartiet.

Det var også her partiet kickstarta valkampen i haust.

Sjølv har Søviknes vist fram Luranetunet som eit glansbilete på Frp sin eldrepolitikk. Dette slo sprekker etter varslingssaka frå dei tilsette i sommar.

Fremskrittspartiets valgkampåpning.

PRESTISJESENTER: Terje Søviknes inviterte Kjell Elvis til valkampopninga på Luranetunet bu- og behandlingssenter i Os. Her var også Frps andrekandidat i Bjørnafjorden, Laila Marie Reiertsen (t.v.) og leiar for Vestland Frp, Gustav Bahus (t.h).

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Ikkje systematiske brot på helsepersonellova

Etter tilbakemeldingane frå dei tilsette på demensavdelinga ved omsorgssenteret, valde rådmannen i Os kommune å behandla saka som ei varslingssak.

Denne veka fekk kommunen granskingsrapporten frå advokatfirmaet Sands, som fekk i oppgåve å undersøke varslingane.

«Oppsummert er det ikke funnet grunnlag for å hevde at tjenesten som leveres ved ei avdeling ved Luranetunet bu – og behandlingssenter ikke møter kravet i helsepersonelloven om en «fullt forsvarlig tjeneste». Det er imidlertid gitt beskrivelser av enkelttilfeller hvor alle de krav som stilles i verdighetsgarantien og kvalitetsforskriften ikke er oppfylt», skriv advokatfirmaet i oppsummeringa si.

– Eg er glad rapporten viser at det ikkje har vore systematiske brot på helselovgivinga, seier kommunalsjef Monica Totland Melvold for helse og omsorg i Os kommune.

– Samstundes tek vi på største alvor dei einskilde tilfella kor dei krav som blir stilt i verdigheitsgarantien og kvalitetsforskrifta ikkje er oppfylt. Dette vil vi ta tak i.

Krev auka bemanning og betre kommunikasjon

Granskingsrapporten slår vidare fast at kommunen må lytta når tilsette og avdelingsleiarar skildrar «en hverdag hvor de opplever at mangelfull bemanning både påvirker tjenesten som leveres og arbeidssituasjonen for de ansatte».

Advokatfirmaet meiner difor det er eit klart behov for å gå gjennom bemanningssituasjonen på omsorgssenteret.

«Selv om flere gir uttrykk for at de vurderer tjenesten som faglig forsvarlig, i den forstand at det ikke er fare for liv eller helse, så uttrykkes det at tidspresset og mangelen på hender gjør at de ikke opplever å kunne møte pasientenes behov på en verdig måte».

I tillegg viser granskinga deira at tilsette manglar informasjon om kvifor enkelte tiltak er sett i verk.

«Det fremstår altså på helt påkrevd å styrke kommunikasjonen mellom ledelse og avdeling, herunder prioritere personalmøter og medarbeidersamtaler.»

Vil vurdere ytterlegare bemanningsauke

Rapporten samanfattar ei liste med tiltak dei meiner kommunen må iverksette, som mellom anna:

  • å styrke bemanninga
  • å tydeleggjere roller og ansvar
  • sikre tilgang til naudsynte hjelpemiddel
  • avvikshandtering

– Eitt tiltak som vart godkjent allereie før denne varslinga var å auke bemanninga med 20 prosent. Vi vil no sjå på om det er behov for å auke bemanninga ytterlegare, svarar Melvold.

Kommunestyret i nye Bjørnafjorden kommune vart orientert om rapporten i tysdagens møte.

Det er i dag Arbeidarpartiet som har ordføraren i kommunen, ved Trine Lindborg.

Nye Luranetunet opna i 2017 og drifta vart sett ut på anbod. Det var kommunen sjølv som vann konkurransen og driv institusjonen.