Derfor skjer to av tre dødsulukker med syklistar

Mellom 2005 til 2012 omkom 71 personar i ulukker med sykkel involvert. No viser ein fersk rapport at det ofte heng saman med dårlege trafikktilhøve. – Vi må gjere det tryggare å sykle, seier senioringeniør Anette Krekling.

Syklist skadet i ulykke

GUT (11) DØDE: 13. juni døde ein 11 år gammal gut i ein sykkelulykke på Biri i Oppland, da han kolliderte med ein bil. To av tre slike ulykker skjer på grunn av dårleg sikt eller dårleg veg.

Foto: Geir Røed

Den ferske rapporten som Statens vegvesen nyleg presenterte, er nedslåande med tanke på norske sykkelvegar.

Mellom 2005 og 2012 døydde 71 personar i ulukker med syklistar. I heile to av tre tilfelle var dårleg sikt eller dårleg veg ein del av ulukkesårsaka.

Seinast 13. juni døydde ein 11 år gamal gut av skadane da han kolliderte med ein bil på Biri i Oppland.

Farleg tilbod til syklistar

Senioringeniør Anette Krekling i Statens vegvesen seier det som oftast går igjen i ulukkene som rapporten granskar, er at sykkelvegane er så dårlege at det blir farleg.

– Det som går igjen i rapporten, er at dårleg og lite samanhengande tilbod til syklande gjer at vi får veldig uføreseielege syklistar.

Vegløysingar som er ulogiske eller vanskelege å tolke går igjen i rapporten, i tillegg til at det rett og slett har vore vanskeleg for dei involverte å sjå kvarandre.

Kombinasjonen verst

Ofte er det vanskar med å skilje til dømes ein avkøyrsel frå eit kryss som endar med ei ulukke.

Krekling i vegstellet seier det er slike situasjonar som kan bli alvorlege.

– Det vi ser er at kombinasjonen av dei to største ulukkesfaktorane er farlegast. Om ein ikkje ser kvarandre og ikkje får augekontakt, og i tillegg har uklårheit om vikeplikt, det er ein kritisk kombinasjon.

Sykkelsjef: – Kjenner seg igjen i rapporten

Profilbilde Einar Johan grieg

BERGEN RUSTAR OPP: I løpet av våren har tilhøva for syklistar i Bergen blitt betre. Men sykkelsjef Einar Grieg kjenner seg likevel att i mange av dei problematiske punkta i rapporten som no blir lagt fram, der dårleg sikt og/eller dårlege vegløysingar er skuld i fleire ulukker.

Foto: RubinaButt / NRK

I Bergen, som lenge har vore stempla som ein versting-by når det gjeld tilbodet til syklistar, har fleire nye sykkeltrasear opna denne våren.

Men sykkelsjef i kommunen, Einar Grieg innrømmer likevel at han kjenner seg att i det biletet rapporten skildrar.

– Ja, dessverre. Spesielt dette med dårleg sikt, det har vi problem med mange stader. Det fører til både uhell og ulukker, i blant òg alvorlege ulukker.

Vegvesenet: – Må ta ansvar

I Bergen er sykkelsjefen overtydd om at løysingane for syklande må bli betre, og at det vil gagne alle på vegen.

– Løysingane må bli betre. Det tyder at vi rett og slett må legge oss på eit høgare nivå enn det som har vore vanleg.

Krekling meiner rapporten viser at vegstellet må prioritere sykkelvegar høgare.

– Vi må ta ansvar og gjere det tryggare. Logiske og lettlesne trafikkløysingar òg for syklistar må vere eit mål for oss framover.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.