Hopp til innhold

370.000 i narkobøter på ein månad

Bergenspolitiet har gitt bøter på til saman 370.000 kroner på ein månad etter at Nygårdsparken stengte. – Bøter er førebyggjande, seier politistasjonsjefen.

Politi i Nygårdsparken
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ein månad etter at Nygårdsparken stengde summerer opp politiet arbeidet sitt.

Ei eiga innsatsgruppe i Bergenspolitiet jobbar no berre for å hindre at nye rusmiljø oppstår i sentrum.

– Bøter er førebyggjande

Olav Valland

Stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland, meiner narkobøtene verkar dempande og førebyggjande.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

Sidan parken stengde 25. august har politiet gitt bøter for til saman 370.000 kroner, ifylgje BT.

Politiet har gitt 37 førelegg til personar som har hatt narkotika på seg og for sal av narkotika. Kvar av desse bøtene er på 10.000 kroner.

– Erfaringar frå Oslo viser at bøter verkar dempande og førebyggjande. Det har ein effekt med tanke på å hindre etablering av nye russcener, seier stasjonssjef på Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland.

Over 200 vist vekk frå sentrum

På den same månaden er 208 personar frå rusmiljøet vist vekk frå sentrum.

– Hovudmålet vårt er å hindre at det vert etablert nye opne russcener, seier Valland.

I arbeidet med rusmiljøet har politiet òg varetektsfengsla seks utanlandske borgarar utan lovleg opphald i Noreg. To av dei er sendt ut av landet.

Narkosalet skjer «litt over alt»

Stasjonssjefen seier at salet av narkotika skjer litt over alt etter at Nygårdsparken stengde.

– Me ser at dei utanlandske seljarane ikkje var budd på at Nygårdsparken stengde. Der har det vore stor aktivitet for å finne nye marknadsplassar, seier Valland.