Har funne kleda til den døde

Politiet har funne klede som dei trur kan vere knytta til likfunnet på Askøy.

Askøy
Foto: NRK

To turgåarar fann fredag ettermiddag levningar etter ein død person ved Ask-vannet på Askøy. Det var eit søskenpar som ringte og varsla frå til politiet kl. 16.30 fredag ettermiddag. Politiet kom raskt til staden og sperra av området.

- Levningane har lege i naturen i fleire år, kanskje så lenge som 15-16 år, seier konstituert lensmann på Askøy, Helge Stave.

Jobbar med identifisering

Politiet har undersøkt området og levningane er sendt til Gades institutt.

- Me håpar å finne ut kven det er og korleis levningane har hamna der, seier operasjonsleiar Konrad Grindeland.

Laurdag føremiddag fann politiet klede på staden som dei trur kan vere knytta til levningane.

- Me har funne ei klesdrakt som me føler oss sikre på at tilhører same person, seier Stave.

Sjekker uoppklara saker

- Det me gjer er at me blar opp uoppklara saker der nokon har vore sakna frå det aktuelle tidsrommet, og det er faktisk så langt tilbake som 15-16 år, seier Stave.

Ettersom politiet får meir informasjon vil dei nytte seg av det til å eliminere frå lista over sakna personar frå dette tidsrommet.

- Me gjer dette slik at pårørende i uoppklara saker kan få ro, seier Stave.