Hopp til innhold

Har funne bilen til den sakna 41-åringen

Politiet har funne bilen til Arvid Torset, som har vore sakna sidan tysdag. Helikopter har i dag søkt i Sædalen og innover byfjella.

Arvid Torset

SAKNA: Politiet ber personar som har opplysningar ta kontakt med Bergen nord politistasjon på telefon 55 25 55 00 eller 02800.

Foto: Privat

I går gjekk politiet i samråd med familien til Torset ut med ei etterlysing. 41-åringen har vore sakna sidan tysdag 5. mai.

Arvid Torset

SAKNA SIDAN TYSDAG: Arvid Torset (41).

Foto: Privat

No har politiet funne bilen hans i Sædalen, skriv Bergens Tidende.

– Me søker med hundepatruljar og helikopter i Sædalen og innover byfjella, seier operasjonsleiar i politiet Jan Steimler til NRK.

Like før klokka 14 opplyser politiet at dei har avslutta søket for dagen.

Ber om tips i saka

Torset skal ha tatt med utstyr til å vere ute i naturen. Politiet oppmodar folk som har ferdast på byfjella dei siste dagane om å ta kontakt dersom dei har møtt Torset, eller sett eit oppslått telt på fjellet.

Politiet opplyser at den sakna 41-åringen er 186 cm høg og har normal kroppsbygning.

Han snakkar møre/ trønderdialekt, har nordeuropeisk utsjånad og mørkt brunt, kort hår. Politiet veit ikkje kva klede sakna hadde på seg.

Politiet ber personar som har opplysningar i saka om å kontakte Bergen nord politistasjon på telefon 55 25 55 00 eller 02800.