Har fått mange tips etter overfall på jente (15)

Ei 15 år gammal jente blei i går forsøkt bortført av ein mann i ein kvit varebil på Sotra. Ei rekkje personar har tatt kontakt med politiet med tips og observasjonar.

Sotra

AREFJORDVEGEN: Ei 15 år gammal jente blei forsøkt bortført i Arefjordvegen på Lillesotra i går formiddag. Politiet etterlyser ein mann i ein kvit varebil etter overfallet.

Foto: Oddgeir Øystese

Ei 15 år gammal jente blei i går forsøkt bortført på Straume i Fjell kommune. Jenta skal ha vore på veg til skulen, då ein mann i ein kvit varebil gjorde fysiske forsøk på å dra ho inn i bilen.

Politiet har fått inn fleire tips i saka som dei no følgjer opp, seier Thomas Sørensen ved etterforskningsseksjonen i Hordaland politidistrikt.

Politioverbetjent Thomas Sørensen

BER OM FLEIRE TIPS: Politiet har teke imot eit titals tips etter at ei 15 år gammal jente blei forsøkt bortført i går, seier Thomas Sørensen ved etterforskningsseksjonen i Hordaland politidistrikt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Me har fått inn eit titals tips. Nokre av dei vurderer me som interessante og gode observasjonar.

Sørensen vil så langt ikkje seie om nokon har vore vitne til at mannen forsøkte å få jenta med seg inn i bilen.

– Det vil me halde for oss sjølve. Men eg kan seie at tipsa mellom anna går på at ulike personar har sett bilar i området som dei har bete seg merke i. Folk har til dømes sett bilar stå plassert på stader dei vanlegvis ikkje står.

Har sendt biologiske spor til analyse

Det var kring 10.30 i går at mannen gjekk til fysisk angrep på den 15 år gamle jenta i Arefjordvegen, omtrent midt mellom Sartor senter og Idrettsvegen på Sotra.

Den 15 år gamle jenta blei avhøyrt i går. Politiet har sikra seg tekniske spor frå staden, og undersøker kameraovervakinga i området. Så langt har dei ikkje nok informasjon til å gjere ei pågriping i saka.

– Me håpar at me har sikra oss biologiske spor. Prøvar er sendt til analyse, og me ventar no på resultata, seier Sørensen.

Oppmoda i går foreldre om å hente barna frå skulen

Jenta er elev ved Danielsen skole på Sotra. Skulen oppmoda i går foreldre til elevar på barneskulen om å hente ungane frå skulen på slutten av dagen. Elevar på ungdomstrinnet blei bedd om å ta følgje med andre på veg heim.

– Dette er ein så pass konkret trussel, at den skil seg ut frå liknande meldingar me ofte får, seier Sørensen.

– Foreldre må no ta sine eigne vurderingar på om dei vil følgje barna til skulen eller ikkje. Me har ikkje noko grunn til å seie at me trur dette vil skje igjen dei neste dagane. Det er opp til foreldra som sjølv kjenner barna sine og strekninga dei går langs best, å vurdere om dei vil følgje barna til og frå skulen.

Rektor ved Danielsen skole, Frode Monsen, seier dei framleis oppmodar foreldre om å hente elevane på barnetrinnet etter skulen, og at elevane ved ungdomsskulen tek følgje heim.

– Lærarane følgjer barna til og frå skulebussen kvar dag framover, seier Monsen.

Ønskjer fleire tips i saka

Politiet oppmodar folk som har sett noko uvanleg i området om å ta kontakt med Sotra, Askøy og Øygarden lensmannskontor på tlf. 56 31 58 00 eller på politiets hovudnummer 02800.

Jenta er ifølgje politiet 15 år, har lyseblondt hår og var kledd i mørkeblå klede. Ho bar ein lys ransel av skinn på ryggen.

Mannen skal ha vore kraftig bygd, ikkje nødvendigvis tjukk, og var kledd i svarte klede og ei svart lue.

Vedkommande skal ha vore over 175 cm høy og disponerte ein kvit vare- eller kassebil.

Laster kart, vennligst vent...