Hopp til innhold

Har fått nokre prøvesvar

Men politiet har framleis ingen mistenkte etter drapet i Os.

Avsperret område i Gamleheimshagen
Foto: NRK

Politiet går no inn i den tredje veka med etterforsking av drapet på 98 år gamle Hilda Feste. Feste blei drepen i leilegheita si i Gamleheimshagen på Os 1. januar. I går blei ho bisett i Os kirke .

Politietterforskinga held fram for full styrke, men ifølgje politiadvokat Asbjørn Onarheim har dei ingen mistenkte.

Politiet har samla inn materiale som er blitt sendt til undersøking.

– Det er mykje materiale som er blitt sendt inn, og me har fått svar på ein del. Men det ønskjer me ikkje å seia noko meir om førebels, seier Onarheim til NRK.

Han vil ikkje seia noko om når politiet kan seia meir om prøvesvara.

Å DNA-testa alle menn som var i Os sentrum drapskvelden er noko politiet har vurdert, men ifølge politiadvokaten er det førebels ikkje aktuelt.

Politiet jobbar for tida med brei informasjonsinnhenting, der dei ønskjer å kartlegga alle rørsler og personar som var i Os om kvelden 1. januar.

Tidlegare denne veka opplyste politiet at dei hadde fått over 300 tips i saka . No nærmare talet på tips seg 400.

Politiet er framleis interessert i tips og ber alle som var ute denne kvelden om å ta kontakt, også folk som ikkje har sett noko mistenkeleg.

LES OGSÅ: