Hopp til innhold

Har dokumentert norske låvar

Ein ide vart til ei reise rundt i heile Noreg, og denne reisa vart til slutt til ei praktbok med over 1000 bilete av ein spesiell type bygning. – Me ville gi låvane meir merksemd, og å få folk til å oppdage dei, seier forfattaren bak boka «Norges låver».

Eva Røyrane

GIR UT BOK: Journalist Eva Røyrane gir ut boka «Norges låver» saman med fotograf Oddleiv Apneseth.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Desse husa er så vanlege at me nesten ikkje legg merke til dei. Det er ikkje så mange som har brydd seg om dei, så difor ville me lage ei bok, seier Eva Røyrane.

Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har journalist Eva Røyrane dokumentert dei norske låvane.

– Desse bygningane dominerer kulturlandskapet i bygdene, og saman med dei kvite kyrkjene er det desse husa som viser att i landskapet, seier Røyrane.

Med eit førsteopplag på 3000 bøker kom «Norges låver» i butikkhyllene nyleg, og dei første tre vekene har praktboka «Norges låver» selt så godt at forlaget no vel å trykke fleire for å møte etterspurnaden.

Stort verk

Norges låver

PRAKTBOK: «Norges låver» vart til slutt på 564 sider og veg 2,2 kilogram. Boka inneheld over 1200 bilete og historier frå over 200 bygg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Boka er det største verket som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Praktboka har 564 sider, er 2,2 kilogram tung, og inneheld over 1000 fotografi, i tillegg til historier frå heile landet.

– Eg skriv små historier om iallfall 200 hus og så har Oddleiv teke bilete av mange fleire. Til saman er det vel 1200 bilete i boka, seier Eva Røyrane.

Med hjelp frå Fylkesmannen i og landbruksdirektøren i Hordaland fekk Røyrane og Apneseth hjelp til å komme i kontakt med andre landbrukskontor. Då fekk dei tips om typiske og spesielle bygningar i kvart fylke i landet.

– Me har lært mykje om kor stor skilnad det har vore på levemåten til bonden her i landet, seier Røyrane.

– På til dømes Vestlandet har ein klart seg med mindre hus, og material og utforming varierer frå distrikt til distrikt, legg ho til.

(Saka held fram under biletet)

Norges største brukslåve, Ullern i Sør-Odal

NOREGS STØRSTE: I Ullern i Sør-Odal, Hedmark fylke, ligg den største gjenbrukslåven i Noreg, med bruktbutikk.

Foto: Oddleiv Apneseth

Mykje historie

Norges låver

FRÅ KVART FYLKE: «Norges låver» inneheld over 1200 bilete med historier frå over 200 bygg, sortert etter fylke.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Flest raude, nokon små, og andre store. På reisa gjennom Noreg har Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth blitt både imponert og overgidde over mangfaldet av låvar i Noreg.

– Ein i Valldal brukte sju år på ei låvebru, og den går hakket lenger enn alle andre låvebruer i landet med å fortsette svingen til å nesten bli ein heil sirkel, seier fotograf Oddleiv Apneseth.

– Han gjekk til fjells og la stein til rette om sommaren, og om vinteren køyrde han det ned på eit kuskinn når det var skare, seier han.

Ei anna imponerande låve finst i Hodnesdal i Lindås kommune, i Hordaland fylke, og vart bygd i 1885.

– Gamlingen som bygde der fekk øydelagt synet sitt i byggeprosessen, i ei sprengingsulykke. Han var blind, og då stod låven halvferdig, seier Apneseth.

– Då sette han dei fire sønene sine til å byggje ferdig låven, og då var han arbeidsleiar og gjekk og kjende på arbeidet etter kvart, legg han til.

Steinlåven er framleis i bruk i dag, og no vert den brukt til geiteproduksjon.

(Saka held fram under biletet)

Loe i Valldal

SPESIELL BRU: Lars Petter Olsen Valldal i Valldal i Møre og Romsdal hadde låven klar i 1885. Etter det brukte sju år på å bygge brua som går endå lenger enn andre låvebruer.

Foto: Oddleiv Apneseth

Viktige hus som forsvinn

Telemarkstypologiar frå Flatdal i Seljord kommune

TYPOLOGI: På reisa si fann Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane etter kvart typologiar i låvane, altså at bygga hadde variasjon innanfor eit tema. Her frå Flatdal i Telemark.

Foto: Oddleiv Apneseth

Røyrane og Apneseth har definert låven som bonden sitt allaktivitetshus, uthuset som inneheld det bonden har bruk for av plass til dyr, til fôr, og til reiskapar.

– Desse husa var veldig viktige frå 1850 og framover, men så har ein måtte tilpasse seg teknologisk utvikling og landbrukspolitiske føringar, seier Eva Røyrane.

Ho seier låvane som kom på 1850-talet var det som hjelpte bonden inn i pengesamfunnet, og at låvane har endra seg mykje i tida fram til i dag. Røyrane uttrykker uro over at mange av låvane i dag skal forsvinne.

– Før hadde ein eit hus for kvart dyreslag på garden, og når ein frå 1850 og framover trong eit meir moderne hus vart desse gamle låvane ståande, seier Røyrane.

– Det kostar å ta vare på dei, så mange av dei blir rivne. Difor synst me det var kjekt å rette merksemd mot dei. Dei er utruleg forskjellige, og det er eit enormt stort mangfald, seier Røyrane.

Steinløe i Hodnesdal i Lindås i Hordaland fylke

STEINLØE: Denne låven i Hodnesdal i Lindås kommune vart bygd i 1930-åra, og er framleis i bruk. Bonden vart blind under byggeprosessen, og fortsette å leie byggeprosjektet med sønene sine. Her er Hildegunn Vatshelle Hillestad og Ole Hillestad framføre låven der dei i dag driv geiteproduksjon.

Foto: Oddleiv Apneseth