Men politiet avviser at pågripingane reinvaskar den drapsdømde Guttormsen.
Truls Guttormsen døydde i februar medan han sona ein dom på 18 år for drapet på Yngve Elvik.
Han hevda til det siste at han var uskuldig, og no er etterforskinga tatt opp att.
Vil kasta nytt lys over saka
Odd Drevland, som var forsvararen til Guttormsen, seier at familien trur det kan kasta eit nytt lys over saka.
Truls Guttormsen saman med forsvarar Odd Drevland under rettssaka i Gulating Lagmannsrett. (Foto: Marit Hommedal/Scanpix)
- Dei har nok alltid meint at Guttormsen var uskuldig, og dei registrerer no at noko er på gong som burde vore gjort for lenge sidan, fortel han.
Tre menn frå Åsane blei i går pågripne og mistenkte for medverknad til drapet i Lindås i 1999. Politiinspektør Svein Erik Krogvold avviser at pågripingane renvaskar den dømde.
- Eg har ikkje noko grunnlag til å trekka ein slik konklusjon, seier han.
Opretta ny etterforsking
I det stille oppretta politiet ei etterforskingsgruppe for to månader sidan.
Mellom 5 og 10 polititenestemenn frå både Åsane, Lindås og Bergen gjekk gjennom nye opplysningar om Lindås-drapet.
Politiet meiner dei tre pågripne var med å planlegga Lindås-drapet, og ein av dei er i tillegg mistenkt for å ha planlagd Åsane-drapet i 2000.
Gir familien håp
Dei tre mistenkte blei utover kvelden i går avhøyrte. Spørsmålet er kor sterke prov politiet har mot dei.
Avgjersla om dei skal fremstillast for varetektsfengsling i dag blir blant anna tatt på bakgrunn av kva som kom fram i avhøyra.
- Pågripingane frikjenner ikkje Guttormsen, men gir familien grunn til håp, meiner advokat Odd Drevland.