Hopp til innhold

Håpar på nytt hotell innan tre år

Borgundvaag AS og Nordfjord AS har kjøpt seg inn i Selje Hotell Invest AS, som jobbar med å stable eitt nytt hotell i Selje på beina, skriv Fjordenes Tidende. Hotellet brann ned i november 2016, og dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet med å fjerne brannruinane frå tomta. Nyheita vart tysdag kveld presentert på eit møte i regi av Stad Vekst.

Selje hotell gjekk opp i flammar
Foto: Asgeir Reksnes / NRK