Håpar på byggestart i 2025

Byrådet i Bergen vedtok torsdag å setja i gang planarbeidet for ny trase for E39 mellom Nordhordlandsbrua og Åsane. Planen er å bygga firefeltsveg der to av felta skal nyttast til kollektivtrafikk. E16 mellom Arna og Åsane vert òg ein del av arbeidet. Målet er byggestart i 2025, om finansieringa er på plass.