NRK Meny
Normal

Håpar på 16. mai-stemning på stadion i morgon

Det nærmar seg utseld på Brann Stadion før søndagens kamp mot Rosenborg. – Heilt fantastisk. Det er sånn det skal vera i Bergen, seier trenar Lars Arne Nilsen.

Brann - Rosenborg

REPRISE?: Sist det var selt så mange billettar til ein Brann-kamp, forutan 16. mai-kampar, var i 2011. Då vann Brann 2–1 over Rosenborg. – Me er i bra form, har eit fantastisk humør i garderoben, og gler oss veldig til kampen, seier trenar Lars Arne Nilsen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Me har kjempestor pågang. Me håpar og trur at det blir tilnærma utseld, og at me får oppleva 16. mai-stemning på søndag, seier marknadsansvarleg i Brann, Camilla Schutz.

Laurdag klokka 10.30 var det selt 16.737 billettar til Rosenborg-kampen, tribunen har plass til 17.686.

Førebels er det selt 400 billettar til bortesupportarane.

Sist det var selt så mange billettar var mot opningskampen mot Rosenborg i 2011. Då vann brann 2–1.

– Det hadde vore utruleg om me klarte å skapa den augneblinken igjen, seier Schutz.

– Har alt å vinna

– Det er heilt fantastisk å få spela toppkamp i eliteserien i nydeleg vær, og med over 17.000 galne bergensarar på tribunen. Det er her me ønsker å vera, seier trenar Lars Arne Nilsen.

– Det skal vera store forventningar til Brann. Eg trur Rosenborg og er fornøgd med at Brann er tilbake i toppen.

Taklar de presset frå publikum?

– Det er ingen problem. Me har alt å vinna, og er i ein fantastisk posisjon. Me skal spela tippeliga neste år også, seier Nilsen.

Brann - Odd

JUBEL: Vadim Demidov scora for Brann i kampen mot Odd på Skagerak arena i juli. Dei vann 1-3. Brann ligg no på tredjeplass på tabellen, to poeng bak Odd på andreplass.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Rosenborg er suverene

Kampen mot Rosenborg som tronar på toppen av tabellen, blir alt anna enn enkel.

– Dei er Noregs beste lag, same kven dei har spelt mot denne sesongen har dei vunne. Dei har vore suverene og feid alle andre lag av bana, så all ære til dei.

Men det betyr ikkje at Nilsen har tenkt å gje vekk poeng utan kamp i morgon.

– Me har sjølvsagt håp om at me skal klara å ta dei i ein enkel kamp. Alt kan skje. Me må spela opp mot vårt beste, og dei må ha ein dårleg dag. Då kan me ta dei, seier han.

Børven og Rólantsson aktuelle

Og det kan henda at nysigneringane Gilli Rólantsson og Torgeir Børven blir å sjå på bana søndag.

Les også: Landslagsspiller klar for Brann

– Begge to er absolutt aktuelle for i morgon. Dei er speleklare og i toppform begge to, seier han.

Nilsen er klar på at jobben med å ta Brann tilbake i toppen så vidt har begynt.

– Me er ikkje fornøgd før me har vunne noko. Brann er ein storklubb, og me skal kjempa for å vinna serien, og også cupen etter kvart. Det er den beste klubben i Noreg, og med det beste publikumet. Me gler oss til fortsettinga.

Kampstart på stadion er klokka 18.00.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.