NRK Meny
Normal

Håpar folk igjen samlar seg ved Den blå stein på søndag

Den blå stein i Bergen blei eit samlingspunkt for sørgande etter terrorhandlingane 22. juli i fjor. Britt Margaret Jacob håpar mange vil komma dit også eit år etter.

To blomar lagt på Den blå stein laurdag 21. juli 2012

Laurdag føremiddag var ei solsikke, eit lys og ei rose blitt lagt ned på Den blå stein.

Foto: Arne Ellingsen

I dagane etter 22. juli i fjor blei Den blå stein i Bergen sentrum dekt av blomar, teikningar, lys og helsingar.

Det som blei lagt ved Den blå stein blei liggande i tre veker før Bergen byarkiv samla det inn. Dei talde då at det var blitt lagt ned 31.920 blomar, lys og andre gjenstandar.

Den blå stein blei også samlingspunktet i Bergen 26. april i år, då songen «Barn av regnbogen» blei sungen over heile landet.

Laurdag føremiddag var ei solsikke, eit lys og ei rose blitt lagt ned på Den blå stein. I morgon vil steinen truleg vera dekt av blomar igjen.

Den blå steinen

Slik såg Den blå stein ut i slutten av juli i fjor.

Foto: NRK

LES OGSÅ:

Samling ved steinen klokka 15

Britt Margaret Jacob og Hallgeir Berge var med på å samla folk i Bergen 26. april. Dei to har tatt initiativ til å markera eittårsdagen for 22. juli ved Den blå stein, og dei håpar mange vil bli med på markeringa som startar klokka 15 på søndag.

Britt Margaret Jacob

Britt Margaret Jacob håpar mange vil vera med og synga «Barn av regnbogen» søndag 22. juli.

Foto: NRK

– Me har laga eit Facebook-arrangement der me inviterer folk til å komma å synga «Barn av regnbuen» igjen, og så inviterer me folk til å appellera i høve det som skjedde 22. juli i fjor, seier Britt Margaret Jacob til NRK.

Jacob og Berge trur folk kan ha behov for å komma saman i morgon.

– Det var følelsesladd og sterkt når me arrangerte Barn av regnbogen-songen. Eg trur det kan bli sterkt å komma saman igjen, og at folk får samlast ved Den blå stein, der folk automatisk kom etter det skjedde i fjor, seier Hallgeir Berge.

– Snakka om kva me sitt igjen med

– Kvifor har de vald å engasjera dykk?

– Me er berre privatpersonar, men me blei sterkt berørte av det som skjedde, i likskap med alle andre nordmenn. Det er viktig at nokon tar initiativ, og at folk får ein plass å samlast, seier Berge.

Dei som måtte ønska det kan få halda appell ved Den blå stein i morgon.

– Det blir å snakka litt om kva me sitt igjen med etter det som har skjedd, og spre positive bodskap. At me kan stå saman i sorga, forklarer Berge.

Markering i kyrkja over heile landet

22. juli vil bli markert også i kyrkja. Gudstenestene over heile landet vil søndag vera prega av at det er eit år sidan dei grusomme terrorhandlingane.

Halvor Nordhaug

Biskop Halvor Nordhaug vil leia gudstenesta i Bergen domkyrkje 22. juli.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det vil komma fram både i tekstar og i salmeval. Det vil også bli merka tydeleg i forbønn og me vil be for dei som dei er blitt ramma, seier biskop Halvor Nordhaug til NRK.

Biskopen i Bjørgvin skal leia gudstenesta i Bergen Domkyrkje i morgon.

– Eg vil legga vekt på at ondskapen finst, at det er destruktive krefter i mellom oss, og det kan ikkje berre forklarast psykologisk eller ved hjelp av samfunnet. Samstundes vil eg seia at kjærleikens kraft er endå verkelegare enn ondskapen, seier Nordhaug.

– Gjennomleva det som eit folk

Biskopen meiner det er viktig å halda fram håpet. I Bergen domkyrkje i morgon skal Stein Ove Lien i AUF halda appell og ordførar Trude Drevland skal lesa ei helsing frå Bergen kommune. I tillegg skal songen «Til ungdommen» syngast.

– Kor krevande blir denne dagen?

– Den blir krevande for oss alle. Det blir ein tung dag, men eg trur også eg tør sei at det blir ein verdig og meiningsfull dag for oss alle. Me skal gjennomleve dette som eit folk, seier Halvor Nordhaug.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.